REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BALESTRAND VENSTRE

Midtnes Hotell torsdag 08.01.08 kl.19.00

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Til stades
Merete Sande, Kari Bolstad, Marta Kvikne, Odd Aarskog,
Råmund Nyhammer, Jon Asbjørn Målsnes, Jarle Geithus, Kari Tordis Aarskog,
og Emma Bale.

Næringssjef i kommunen, Johannes Sjøthun møtte for å orientere oss om omorganiseringa av reiselivet i kommunen.

SAKLISTE

Sak 1: Merknad til innkalling
Ingen merknader

Sak 2: Merknad til sakliste
Kontingent vert sett opp som sak 12

Sak 3: Val av møteleiar —

Råmund Nyhammer vart valgt.

Sak 4: Val av skrivar —
Jon Asbjørn Målsnes vart valgt

Sak 5: Val av to til å skrive under møteprotokollen —
Kari Tordis Aarskog og Merete Sande vart valgde.

Sak 6: Årsmelding v/ Jon Asbjørn Målsnes.
Merknad frå Marta om at dei venstremedlemane som har flytt frå kommunen ikkje
treng vera nemnde med namn. Det vart teke til fylgje

Sak 7: Rekneskap v/ Jarle Geithus.
Rekneskapen syner eit overskot på 12095,86. Rekneskap godkjent.

Sak 8 Politisk rekneskap v/ kommunestyrerep, Kari Tordis Aarskog.
Det var spørsmål om korleis det sto til med hyttefeltet i Saurdalen. Det verkar som
om det er lagt på is.

Sak 9: Val
Valnemnda sitt framlegg vart einstemmig vedteke, og det nye styret for
Balestrand Venstre 2009 vert samansett slik:
Råmund Nyhammer — leiar/styremedlem
Odd Aarskog — nestleiar/styremedlem
Kari Bolstad — sekretær
Jon Asbjørn Målsnes — kasserar
Britt Grimelid Menes — styremedlem

Varamedlemmer : Marta Kvikne, Jarle Geithus, Ragnar Åland og Oddrun Thorsnes
Revisorar : Lars Sjøthun og Arild Hellenes

Sak 10: Val av utsendingar til Fylkesårsmøtet 17 og 18.. januar
Balestrand Venstre har høve til å melde på 3 utsendingar m/ stemmerett
Framlegg frå Råmund Nyhammer:
Dei 3 utsendingane vert,Råmund Nyhammer, Kari Tordis Aarskog og Kari Bolstad.
Framlegget vart vedteke.

Vi skal ha 3 varafolk til utsendingane.
Framlegg frå Råmund Nyhammer:
1.vara Britt Grimelid Menes 2.vara Odd Aarskog

Sak 11: Val av utsending til nominasjonsmøtet 16.januar:
Råmund Nyhammer

Sak 12: Kontingent
For 2009 og 2010 vert kontingenten kr 285,-
Viss me har årsmøte for 2009 før 1.1.10 kan kontigenten endrast

Møte slutt 21.35

Jon Asbj. Målsnes – ref

Balestrand Balestrand
Jarle Geithus Kari Tordis Aarskog

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**