Gledeleg med våpenkvile

Sogn og Fjordane Venstre registrerer at kamphandlingane i Gaza no har stogga, og gler seg over at dei stridande partane endeleg har teke til fornuft.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Gaza stripen

Foto: www.wikipedia.org

Krigen i Gaza har vore ei humanitær katastrofe frå dag éin, og den er eit uttrykk for manglande respekt for menneskeverd — både frå israelsk og palestinsk side. Hamas sine barbariske rakettangrep mot israelske sivile kan ikkje reknast som anna enn vilkårlege terrorangrep, og kan vanskeleg sjåast å fremje palestinarane si sak. Samstundes har Israel sin respons vore ute av alle proporsjonar, og vil etter alt sannsyn berre skape meir hat og vondt blod i regionen. Det einaste som kan måle seg Israel si skamlause bombing av sivile i Gaza, er Hamas sin skamlause taktikk med å gøyme seg bak kvinner og born.

Det er gledeleg at partane endeleg synest å ha teke til fornuft, og det er å vone at freden kan verte varig denne gongen. For at dette skal vere mogleg må det internasjonale samfunnet spele i større rolle som mellommenn i området, og USA — som Israel sin viktigaste allierte — må våge å stille krav også til Israel.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**