Fisk framfor olje — vent med seismikkskyting!

Sogn og Fjordane Venstre krev at Regjeringa straks grip inn og set vidare seismikkskyting på vent til kunnskapane om konsekvensane ligg føre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Harald Lindvik

Harald Lindvik
Foto: Marta Kvikne

Folk langs kysten vår har synt sterk motstand mot seismikkskyting som føregår i dei nære kystområda. Dette ut frå at vi manglar kunnskap om konsekvensen for fiskeria og livet i havet. Det må vere eit offentleg ansvar å få fram kunnskap. Det er eit ansvar Regjeringa med Senterpartiets Olje- og energiminister i spissen til no har svikta totalt.

Difor krev Sogn og Fjordane Venstre stopp i seismikkskytinga langs kysten av fylket vårt. Vi vil også gje full støtte til Lofotaksjonen, som denne helga blir skipa for å hindre seismikkskyting og anna oljeverksemd utanfor kysten av Lofoten og Vesterålen.

Kontaktpersonar om saka:
Torbjørn Kolaas, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, tlf 905 00 733
Harald Lindvik, Flora Venstre, tlf 913 81 890

Nyhende frå NRK: Venstre vil stogge seismikkskytinga

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**