Havet i våre nærområde er av dei største og beste fiskeriområda i verda. Slik sett er havet eit av dei viktigaste "spiskammer" for verdas befolkning. Nordområda får aukande fokus sikkerheits- og transportpolitisk. Vidare vert det ein stadig vanskelegare grenseoppgang mellom olje- og gassektoren og miljø- og fiskeriinteresser.
Dette gjev oss eit særskilt ansvar for å verne om og nytte desse områda på ein samla sett samfunnsbærande måte.
Med dette som bakgrunn krev Venstre i Sogn og Fjordane:
at regjeringa søker vidare avklaringar av grensespørsmål i Smutthavet og Smuttholet i Barentshavet.
At ein vernar særleg ømtålege havområde som Lofoten og Vesterålen mot petroleumsverksemd gjennom oppretting av nasjonalparkar til havs.
at Sogn og Fjordane, med sine "vindressurar", tek aktivt del i forskning og utvikling av offshore vindkraft.
at fiskerinæringa får tilfredsstillande vilkår for vern om og utnytting av fiskeriressursane.
Kontaktperson:
Fylkestingsrepresentant Klaus Iversen, tlf 91 53 51 64