ÅRSMELDING 2008

Balestrand Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Styret 2008
Leiar: Råmund Nyhammer
Nestleiar: Odd Aarskog
Skrivar: Jon Asbjørn Målsnes
Kasserar: Jarle Geithus
Styremedlem: Marta Kvikne

Varamedlemmer (rangert): Kari Bolstad, Merete Sande, Ragnar Aaland, Arne Håland, Britt Grimelid Menes

Revisorar: Arild Hellenes og Lars Sjøthun

Medlemstal: 34 betalande ved utgangen av året.

Møte
Det har vore 4 styremøte, 11 medlemsmøter og 2 møter berre for kommunestyrerepresentantane våre. På medlemsmøta og møta for kommunestyrerepresentantane har ein stort sett drøfta kommunalpolitiske saker knytt opp mot saklistene til utvala, formannskap og kommunestyre.

Studiearbeid

Det er dei kommunalpolitiske sakene på medlemsmøta som er grunnlaget for studiearbeidet. Det er innmeldt i alt 2 studeringar.

Utsendingar
Desse var utsendingar til fylkesårsmøtet på Kviknes Hotell 26. og 27. januar 2008: Britt Grimelid Menes, Kari Tordis Aarskog og Kari Bolstad. Observatørar: Emma Bale, Odd Aarskog, Merete Sande og Råmund Nyhammer.
Til landsmøtet i Venstre på Sundvollen 11. – 13. april var Råmund Nyhammer utsending, men måtte melde avbud p.g.a. sjukdom
Den 15. og 16. november inviterte Sogn og Fjordane Venstre til Venstre-skule trinn 2 på Skjerjehamn i Gulen. Ingen frå lokallaget melde si interesse for å delta der.

Avisinnlegg/-oppslag
Det har vore særdeles liten aktivitet på dette området i 2008. Ingen lesarinnlegg har komme frå Balestrand Venstre (7 i 2007) og berre 2 oppslag i lokalpressa dette året. Det første oppslaget kom i Firda 19. januar der leiaren i lokallaget var ute og kritiserte Bondelaget for passivitet vdr. grunnrenteskatten på kraftverk. Det andre – dette også ved leiaren i lokallaget – kom i SA 12. juni og gjalt ynskje om politisk debatt kring praktisering av lova om buplikt på landbrukseigedommar.

Innmelde saker frå BV til kommunen

4 saker har lokallaget i brevs form teke opp med kommunen:
13.05. – til rådmann: Krav om raskare oppdatering på kommunen si heimeside vdr. saklister/møteprotokollar knytta til folkevalde organ.
10.04. – til rådmann: Utale vdr. forslag om felles rektor ved Fjortun og Nesse oppvekstsenter. (BV var mot ei slik ordning.)
10.06. – til Utval for Plan og Utvikling: korleis politisk handtere lov om buplikt på landbrukseigedommar.
14.10. – til Formannskapet: Uttale/signal vdr. Nesse oppvekstsenter som i budsjettgrunnlaget var oppført med eit kutt på 100.000 kr. På grunn av den sårbare situasjonen oppvekstsenteret er i ynskte ikkje BV noko kutt her.

Aktivitet elles

Medlemsverving: Laget har fått 3 nye medlemmer dette året. Det må i samanheng med dette nemnast at to personar som for 2008 er ført opp som medlemmer i Balestrand Venstre har flytta frå kommunen.
Til fykesårsmøtet melde Balestrand Venstre inn 2 forslag til fråsegner. Desse omhandla grunnrenteskatten og differensiert strandsonepolitikk. Vi fekk gjennom den som omhandla grunnrenteskatten.
To styremøte i haust vart nytta til gjennomgang av forslaget til nytt stortingsvalprogram for Venstre. Det vart sendt inn 26 endringsforslag/tillegg/kommentarar frå lokallaget vårt. Det vart også sendt inn ein eigen uttale vdr. eit høyringsnotat frå programkommiteen som omhandlar spørsmålet om ein ny kommunestruktur, dvs. samanslåing av kommunar. I vår uttale går vi mot ei styrt kommunesamanslåing, men er positive dersom det er etter ynskje frå innbyggarane sjølve.

Balestrand 28.12.2008

Jon Asbjørn Målsnes
skrivar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**