Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Venstre var først ute med å halde årsmøte i 2009. Det vart halde på Rica Sunnfjord Hotell i Førde 17. og 18. januar 2009. Ekstra kjekt var det å få tre stortingsrepresentantar på gjestelista. Det var eit godt besøkt årsmøte i Sogn og Fjordane Venstre, 38 delegatar, totalt 51 inkludert observatørar og gjester var tilstades.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Odd Einar Dørum

Odd Einar Dørum
Foto: Linda Ness Rotihaug

Trine Skei Grande besøkte møtet saman med Odd Einar Dørum. Begge heldt engasjerande foredrag til årsmøtet, Skei Grande generelt om Venstre i 2009 og Dørumom skule. Sogn og Fjordane Venstre sin stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen, sitt hovudpoeng i innlegget til årsmøtet søndag var å setje helse- og sosialpolitikken inn i ein større samanheng og viste at helsepolitikken vert viktigare og viktigare framover. Venstre må ha ein helse- og sosialpolitikk som ikkje berre er smal; vi må få ut ein breiare politikk.

På årsmøtet var også fylkesleiaren i Hordaland/ordførar i Ulvik kommune, Mona Hellesnes invitert og tilstades. Rolf Nesheim som har flytta til Hordaland var heidersgjest. Han fekk overrekt Helle kniv og bok om Oddvar Torsheim i gåve som takk for all god jobb han har gjort gjennom mange år i Sogn og Fjordane Venstre.

 Årsmøte i Førde 2009

Årsmøte i Førde 2009
Foto: Linda Ness Rotihaug

Årsmøtet fekk gjennomgang av forslaget til stortingsvalprogrammet av medlem av programkomiteen, Alfred Bjørlo. Delegatane kom med endringsframlegg som vart behandla søndag. I tillegg behandla årsmøtet politiske fråsegner og følgjande vart vedtekne:

Politiske fråsegner frå Sogn og Fjordane Venstre:
Ja til kabling av nye høgspentlinjer!
Samferdsleløft for verdiskapingsfylket!
Sats på ungdomskultur!
Ein samla politikk for havområda
Ikkje belast frivillig innsats med meirverdiavgift!
Fisk framfor olje — vent med seismikkskyting!

I tillegg vedtok årsmøtet at fylkesstyret skulle sende politisk fråsegn om krigen i Gaza.

Årsmøtet har fått god mediadekning
TV2nyhetene.no: Gunvald Ludvigsen kan få fire nye år på Stortinget.
Fjordabladet: Ludvigsen vil ha færre kommunar
Firda: Vil ha velferdsreform
Firda: Venstre vil stogge seismikkskytinga

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**