Trine prata om Venstres ærend: Eit rausare samfunn, ho gjekk gjennom Venstre sitt statsbudsjett for 2009 og satsinga der. Skei Grande var innom programforslaget sine viktigaste hovudpunkt: Ta eit ordentleg steg inn i lågutsleppssamfunnet, bygge kunnskapssamfunnet og reformere velferdssamfunnet.
Finanskrisa og krisepakken
Skei Grande orienterte om krisepakken som Venstre tok initiativ til saman med H og KrF 15. januar. Her utfordra dei regjeringa. Hovudprofilen er heilt lik den Venstre sitt landsstyre vedtok i desember 2008. Klima/miljøtiltak må utgjere minst 50 % og det må verte lagt eit spesielt hovudfokus på den del av norsk industri og norsk næringsliv som konkurrerer i et internasjonalt og global marknad. Venstre er veldig fornøgd med å ha fått Høgre og KrF med på ein slik profil.
Nøkkelen til vidare vekst for Venstre
Nøkkelen til vidare vekst blir å bidra til at enda fleire blir trygge på eigen politikk. Dess tryggare vi er, dess lettare er det å vere aktive talerør og profilere Venstre i ulike samanhenger og fora.