Ukas navn: Odd Gunnar Jære Hoel

Odd Gunnar Jære Hoel er ein av dei mest trufaste lokalpolitikarane vi har i Sør-Trøndelag Venstre. Han stod på Venstrelista første gongen ved kommunevalet i 1963, og er framleis like engasjert. Odd Gunnar er ukas navn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Kort om Odd Gunnar Jære Hoel:

Odd Gunnar Jære Hoel

Foto: BT.no

Odd Gunnar Jære Hoel bur på Lønset i Oppdal, er 68 år, er gift med den same etter snart 46 år, har to barn og to barnebarn. Er no pensjonist/kårkaill, men var lærar i grunnskulen i Oppdal frå 1963 til 2005 (nokre år opphald rundt 1980). I åra 1970 til 1992 dreiv dei slektsgarden Hoel der dei hadde rundt 180 vinterfødde sauer på det meste.
– I 1970-1974 var eg leiar i Oppdal Venstre. Det betyr at eg var med da Venstre vart delt på Røros. Eg var den einaste i styret i lokallaget som vart att i Venstre. Dei siste to åra har eg på nytt vore leiar i lokallaget. Eg starta i lokalpolitikken som medlem i Ungdoms- og idrettsutvalet i to periodar frå 1967. Seinare har eg vore ein periode i Skulestyret og to periodar i Helse- og sosialutvalet. Frå 1991 til 2007 var eg fast medlem i Kommunestyret, ein periode i Formannskapet. Hadde og ein periode i Samferdselsutvalet i Sør-Trøndelag frå 1987-1991.
Eg likar svært godt å ferdast ute i all slags natur både sumar og vinter. Ei god bok er heller ikkje å forakta.

Kvifor vart du medlem av Venstre?
– Det er nok ein "veikskap" i slekta dette! Eg stod på Venstrelista første gongen ved kommunevalet i 1963. Eg vart ikkje spurt, men søskenbarnet til mor mi, Narve Hoel, sa etter nominasjonen at eg stod på lista! (Narve var bror til Oddmund, stortingsrepresentant for Venstre i tre periodar.) Seinare har eg aldri stilt spørsmål om Venstre var/er det rette partiet for meg. Det betyr at kjernesakene til Venstre er noko er kjenner meg att i.

Kva sak er du oppteken av akkurat no, og kvifor?
– I verdsamanheng er det dei meiningslause krigane. Midtausten er ein ting, men ettersom vi har eit medlem i lokallaget frå Kongo, er eg nok ekstra merksam på konflikten der. Kongo har så lett for å bli den gløymde konflikten.
– Problematikken omkring ressursar og miljø vil auka, om vi ikkje maktar å snu utviklinga. Spørsmålet om ferskvatn/drikkevatn vil få ein dominerande plass etter kvart.
– Lokalt handlar det om å oppretthalda/skaffa nye arbeidsplassar. Bodskapen om at begge slakteria i kommunen blir lagt ned var ikkje god. I tillegg ser ein at mange gardbrukarar sluttar i yrket, det gjeld både mjølk og sau. Eit aktiv landbruk er viktig for ein turistkommune. Bygging av t.d. fritidsboligar har vore stor, no gjer krisa i pengemarknaden sitt til at aktiviteten vil flata ut over tid. Dei mange handverkarane vil få mindre å gjera. Det same gjeld skiferindustrien.
Oppdal treng fleire gang- og sykkelvegar for å sikra tryggleiken både for små og store mjuke trafikantar.

Kva er den største utfordringa i lokalmiljøet ditt!
– Vi har fått ein klima- og energiplan, noko utvatna etter Venstre sitt syn rettnok, men å realisera målsettingane i den blir viktig. Her er det peika på mange gode tiltak for å redusera ressursbruken, særleg i offentleg samanheng, men og i privat samanheng. Tiltak som vil gje gevinst både økonomisk og miljømessig.
– Det har vore mykje tut og køyr i Oppdal når det gjeld arealbruk. Etterspurnaden etter boligar for fritid har vore stor, og planarbeidet har gått fort. Alt for mykje har skjedd gjennom dispensasjonar frå vedtekne arealplanar. Det har ført til at vi har fått ein del uheldige utslag med omsyn til plassering, nedbygging m.m. Men kanskje får vi no hjelp til å sakna farten noko ved dei problema vi ser i den internasjonale pengemarknaden?

Korleis trur du Venstre skal vinna valet i 2009?
– Eg tykkjer Venstre profilerer seg godt innan skule- og miljøpolitikk, der standpunkta er tydelege og gode. Ei sak som godt kan køyrast fram enda meir er spørsmålet om borgarløn. Mi erfaring er at dette er noko som "treffer" mange veljarar uansett kva parti dei røystar på.
Svært viktig er det å ha eit sameint parti når ein skal driva valkamp. Når ein les utkastet til valprogram for dei neste 4 åra, er eg utrygg på om det vil lukkast. Det blir ikkje enkelt for Venstre i distriktskommunane å driva valkamp dersom landsmøtet på april går inn for ja til EU, ja til tvangssamanslåing av kommunar og beheld den tidlegare formuleringa om at der det er konflikt mellom husdyr og rovdyr, skal husdyra vika plassen!!
Men det er enno tid for endringar før landsmøtet, såpass optimist er eg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**