Vern om juryordninga

Det har i det siste vore debatt om juryordninga. Venstre kjempa for juryordninga i 1887 og har programfesta at vi vil halde på ho. Spørsmålet om juryen er eit spørsmål om rettsstatlege prinsipp og kan ikkje vere gjenstand for tilfeldige endringar basert på kortsiktige erfaringar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Av stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen

Juryordninga er ikkje feilfri. Men det er feil å forkaste heile ordninga av den grunn. Når noko ikkje fungerer perfekt, freistar ein vanlegvis å reparere det før ein forkastar det. Og det er fleire vis å forbetre juryordninga på. Til dømes kan ein syte for at rettsbelæringa — dommaren si tale til juryen — kjem tidleg i rettssaka og ikkje rett før juryen skal trekkje seg attende for rådslagning. Det bør utviklast betre retningsliner for kva rettsbelæringa skal innehalde, og ho bør formidlast på eit ikkje-juridisk språk. Kan hende bør vi og sjå på korleis juryen sine medlemmer blir plukka ut på.

Alternativet til juryordninga er ein utvida meddomsrett beståande av både fagdommarar og lekfolk. Denne modellen er like lite feilfri som juryordninga og er difor inga god erstatning. Erfaring syner at lekfolk er meir utrygge saman med fagdommarar enn når lekfolk sit saman i ein jury. Venstre fryktar at ein meddomsrett vil svekke lekfolk sin medverknad i norske rettssaker. Slik vil også heile prinsippet om å bli dømt av sine likemenn bli svekka.

For folk sin tillit til rettsvesenet er det viktig at lekfolk har ei sjølvstendig rolle i skuldvurderinga i alvorlege straffesaker. Vi veit at dommarar ikkje er flinkare til å vurdere bevis enn vanlege folk. Og når Riksadvokaten bruker manglande domfellingar i valdtektssaker som argument for å fjerne heile ordninga, må vi huske at det er mange grunnar til at det er færre domfellingar i valdtektssaker enn i andre straffesaker.

Vi må ikkje gå til åtak på sentrale rettstryggleiksgarantiar i iveren etter å dømme fleire. Berre ved å halde på – og forbetre – juryordninga, vil vi sikre at vi ikkje går attende til eit embetsmannsvelde i rettssalane!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**