Møt Odd Einar Dørum i Arendal 26. januar

Stortingsrepresentant Odd Einar Dørum gjestar Arendal Venstre sitt råsmøte 26. januar, og Arendal Venstre inviterer alle interesserte til å møte ein av dei leiande og mest respekterte politikarar i Norge dei siste 20 åra. Ver velkomen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Gode Venstrefolk,
mandag 26. januar startar Arendal Venstre den store jubileumsveka i Venstre, 125 år etter starten. Først har vi årsmøte 1800-1900, og så kl 1930 startar det åpne møtet vårt på Sjøloftet på Langbrygga nesten inst i Pollen:

kl 1930 Jan Kløvstad om starten på Venstrerørsla i Aust-Agder i 1884
kl 1940 ODD EINAR DØRUM: Venstre 125 år
Appellar ved stortingskandidat Øystein Haga og andrekandidat Anne Solsvik

Møt opp, høyr Odd Einar Dørum, møt Venstrefolk, – slå av ein prat og legg grunnlaget for det beste Venstrevalet i Aust-Agder sidan Øyvind Bjorvatns store valsigrar i 1965 og 1969!

Beste helsing

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**