Fråsegn frå årsmøtet til Radøy Venstre

Regjeringa må ta ansvar for “Server”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Radøy Venstre meiner at regjeringa må ta ansvar for å få vraket av "Server" heva, slik at det ikkje lenger forsøplar naturreservatet ved Fedje. Regjeringa har lenge svikta miljøproblema i Nordhordland, og vraket av "Server" føyer seg fint inn i same rekkje som U-båtvraket og Vest Tank-skandalen i Gulen. Radøy Venstre meiner regjeringa no snart må vise at den òg bryr seg om Vestlandet.

Vraket av "Server" må vekk uansett om forsikringsselskapet tar heile, eller berre delar av kostnaden. Radøy Venstre meiner det er meiningslaust at regjeringa ser ut til å fråskrive seg ansvaret, og i staden set si lit til at saka med forsikringsselskapet skal føre fram. Dette viser ikkje berre ei handlingslamma regjering, men òg ei ulik handsaming av ulike delar av landet, fordi det er vel ingen som trur at eit skipsvrak av ein slik storleik som "Server" ville fått liggje to år i Oslofjorden. Radøy Venstre forventar no handlekraft frå regjeringa si side, slik at dei kan rette opp sine feil.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**