Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Venstre

Rica Parken Hotell, Ålesund 31. januar og 1. februar 2009
Velkomne til fylkesårsmøte og nominasjonsmøte laurdag 31. januar kl 1000 (registrering frå kl 09.15). Møtet reknar vi med er slutt ca kl 1400 på søndag 1. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


På laurdag vil programmet innehalde vanlige årsmøtesaker, politiske debatt med mellom anna debatt om forslag til stortingsvalprogrammet, konstituering av nominasjonsmøte. Ein person frå sentralt hald vil ha innleiing til den politiske debatten. Det vil bli kulturelle innslag frå Ålesund.

Praktiske opplysningar:
Hugs å ta med utfylt fullmaktskjema til årsmøtet. Fullmaktskjema ligg ved.
Resolusjonsframlegg kan sendast inn på førehand, eller leggjast fram på møtet
Saker frå lokallaga må vere styret i hende 7. dagar før årsmøtet
Oversikt over tal på utsendingar frå kvart lag ligg ved.
Påmeldingsskjema med prisane frå hotellet ligg ved.
Skriv vedrørande refusjon av utgifter i samband med nominasjonsmøte

Vedrørande refusjon av utgifter i samband med nominasjonsmøte blir det dekt 1 overnatting: maks kr 1000,- pr. døgn. I tillegg blir reisekostnadar dekt med
Kr 2,- pr. km (+ kr 0,50 pr. km dersom det er fleire med i bilen)

Frist for påmelding vil bli sett til måndag 26. januar 2009.

Vi ønskjer dykk vel møtt til innhaldsrike dagar i Ålesund.

Med helsing
Fylkesstyret i Møre og Romsdal Venstre

Trond Hansen Riise
Leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**