Fylkesårsmøte 17.-18. januar 2009

Laurdag 17. og søndag 18. januar vert fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre halde. Registrering frå kl. 11.00 laurdag og årsmøtet opnar kl. 12.00.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Fullmaktsskjema må leverast sekretariatet ved registrering. Vi presiserer at fråsegner også skal leverast innan kl. 12. laurdag.

Vi får besøk av Trine Skei Grande, Odd Einar Dørum og Gunvald Ludvigsen. Dei vil alle halde tale og foredrag for årsmøtet.

I tillegg skal vi diskutere og behandle 2. utkast til stortingsvalprogrammet. Alfred Bjørlo som er medlem av programkomitéen vil lose oss gjennom denne. Vi har sett frist til å komme med endringsframlegg innan kl. 19. laurdag 17.

Sogn og Fjordane Venstre ønskjer alle, både delegatar, observatørar og gjester vel møtt til fylkesårsmøtet!

Program for fylkesårsmøtet 2009

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**