Gjelder norsk lov også for Frp?

Arne Austenå forsøker i eit lesarinnlegg 27. desember å bortforklare Frps underlege innsats i budsjettarbeidet i Arendal bystyre. Eg forstår behovet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Kommuneloven gir eit klart og utvetydig krav om at kommunane skal vedta budsjett for 4 år med balanse mellom utgifter og inntekter. Frp la fram eit forslag som er i strid med loven. I bystyredebatten sa Frp at dei var sterkt mot rådmannens forslag. Etterpå har partiet først sagt dei støtta rådmannens forslag for åra 2010-2012 (som altså ville ført med seg sterk auke i eigedomsskatten og nedlegging av Løddesøl, Rykene og Nesheim skolar), og i Agderposten etter bystyremøtet seier Frp at rådmannens forslag var usaldert (altså i strid med loven).

Arendal bystyre gir den valte opposisjonsleiaren 50% av ordførarlønn. Da bør vel skattebetalarane kunne kreve at Frp ved opposisjonsleiar Arne Austenå kan klare å følgje norsk lov i det viktigaste vedtaket bystyret fattar kvart år?

Derfor tre spørsmål til Arne Austenå:
1. Kva seier kommuneloven om krav til budsjettvedtak i kommunane?
2. Er Frps budsjettforslag for 2008-2011 og 2009-2012 i samsvar med krava i kommuneloven?
3. Kva ville fylkesmannen gjort om Arendal bystyre hadde vedtatt Frps busjettforslag?

Eg er samd med Austenå i at det var ein dårleg start på behandlinga av Arendal internasjonale skole i budsjettmøtet. Derfor sørga Venstre for — saman med ordføraren – at Arendal Internasjonale Skole ikkje blei lagt ned “over bordet”. Også elevar, foreldre og lærarar ved denne skolen fortener seriøs behandling. Venstre bidro sterkt til det, og det vil vi fortsette med.

Jan Kløvstad
Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**