INNKALLING TIL ÅRSMØTE I HURUM VENSTRE
Tid: Torsdag 22. januar kl. 18
Stad: Kornmagasinet, Midtbygda i Røyken
SAKSLISTE
Velkommen v/ leiar Gunn-Torill Homme Mathisen
Årsmøtesaker
– Konstituering – valg av møteleiar
– referent
– telekorps to personar
– to personar til å underskrive protokollen
– Årsmelding for 2008 v/ leiar
– Regnskap for 2008 v/kasserar Mette Wiik
– Medlemskontingent for 2010 v/ kasserar
– Budsjett for 2009 v/ kasserar
– Valg
– Valg av utsendingar til årsmøtet i Buskerud Venstre
– Meldte saker
Frist for å melde saker er 11. januar. Saker meldast leiar.
Det minnast om at ein må ha betalt medlemskontingent for 2008 for å ha stemmerett på møtet. Nye medlemmer som ikkje har betalt kontingent pr. 31.12.08 har talerett, men ikkje stemmerett. Dog har nye medlemmer innmeldt etter 1. nov. fulle rettar.
Også i år har vi felles årsmøtesamling med Røyken og Lier Venstre. Den formelle delen av årsmøtet gjerast separat for kvart lokallag og varer til kl. 19. Det blir felles servering etterpå.
Kveldens gjest er Georg Apenes, direktør i Datatilsynet. Han innleiar til politisk debatt om personvern.
Velkommen!
Filtvet, 20.12.08
Hurum Venstre
Gunn-Torill Homme Mathisen,
leiar