Vegen vidare for tenestene i Giske Kommune

Som dei fleste veit, vart det fleirtal for bygging av det nye omsorgssenteret på Valderøya. Vi som gjekk i mot ein prislapp på 173 millioner, vil gjere greie for kvifor vi stemde i mot prosjektet i den forma som det no ligg føre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Utfordringa er å ha pengar til drift. Alt vi må låne vil bere med seg rentekostnader, det er ei kjennsgjerning. Berre rentene av denne summen, utgjer nærare 7 millioner kroner pr år. Dette er midlar som må takast frå ein annan plass, for eksempel drifta av Giske og Godøy omsorgsdistrikt.

Vi har i tillegg til eigne utrekningar i budsjettprosessane og i økonomiplanarbeidet halde oss til administrasjonen sine anbefalingar og ikkje minst fagkomiteen for helse og sosial sine vurderingar, samt omsorgsleiarane. Fagfolka har vore heilt klare. Vi har ikkje økonomi til å drive slik som vedtaka ligg no. Konsekvensane for eit prosjekt på 95 millionar ville bli store, kva dei kan bli for 173 millionar har vi ikkje fått vite. Samstundes har vi eit skrikande behov for fleire plassar, spesielt på Valderøya.

Eldre, gamle

Foto: Microsoft

1. Januar 2008 var det registrert over 300 personar over 80 år i Giske kommune. Mange av dei, og mange som er yngre enn dette, har i dag ulike tilbod frå kommunen. Kva skal vi gjere dersom vi må fjerne nokre av desse tenestene? Kven har vil laga eit godt omsorgstilbod for då? Vi får tredve plassar på Valderøya, men dei 7 millionane i rentekostnader må takast ein stad frå. Dersom ein må skjere ned på det samla talet på plassar, samt ta midler frå andre stadar i omsorgssektoren, har ein etter vår meining ikkje gitt innbyggjarane eit forbetra tilbod.

Vi har allereie store problemer med å få budsjetta til å gå i hop, og dersom ein skal legge ned plassar på Godøya og Giske, vil ein måtte flytte desse til det nye senteret. Då har vi ikkje fleire plassar, men færre. Då har vi eitt omsorgsenter i kommunen, noko som er på tvers av det som er vedteke i Omsorgsplanen: at dei eldre skal få bu lengst mogleg i sitt heimemiljø.

Politikarane er innvalde av folket for å tene det, og styre til folket sitt beste. Vi vil vere ansvarlege, og har bedt om å få framlagt korleis dei som røysta for har tenkt å drive dette senteret, og kor desse auka driftskostnadane skal hentast frå. Dette har vi ikkje fått svar på, anna enn at ordføraren er optimist. Det hjelper lite om tre-fire år når driftsrekninga kjem. Dersom vi ikkje greier å fordele pengane då, kjem ikkje staten for å redde oss. Då hamnar vi under statleg styring igjen, og då kan vi risikere grove kutt innan alle sektorar. Dette vil ikkje vi. Vi vil ha vissheit om korleis vi skal kunne betale ut løn til dei som skal arbeide der, korleis vi skal kunne betale renter, straum og alt anna eit slikt senter krevjer, utan å måtte ta dette frå heimebasert omsorg, skulesektoren eller ved å innføre eigedomsskatt.

Med helsing,
Britt Giske Andersen, Anne-Lise Roald, Runa Godø Sæther og Ole Furnes.
Giske Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**