Frp med ulovlege budsjettforslag og freidige bortforklaringar

I Agderposten 17. desember hevdar Frps budsjett-talsmann og fylkesleiar Anders Kylland at rådmannens forslag til budsjett og handlingsplan for Arendal kommune 2009-2012 ikkje er “saldert”. Altså hevdar Frp at rådmannen har lagt fram eit ulovleg forslag. Eg undrar meg over dette. Det er jo Frps fellesforslag med Pensjonistpartiet som ikkje fyller krava i kommuneloven.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Åsmund Aqissiaq Kløvstad

Av Jan Kløvstad, gruppeleiar i Arendal Venstre

I budsjettmøtet 11. desember siterte eg kommunelovens paragraf 44 med klare krav om budsjett i balanse for heile fireårsperioden. Eg spurte om Frp og Pensjonistpartiets fellesforslag var lovleg, sidan forslaget mangla både utgifter og inntekter for åra 2010-2012. Eg spurte kommunerevisor og rådmann kva fylkesmannen ville gjere om budsjettforslaga frå Frp, Pensjonistpartiet — og også Høgre — blei vedtatt. Svaret frå rådmannen var klart: "Fylkesmannen vil sende budsjettet i retur."

Det tener Høgres representantar til ei viss ære at dei såg ned i bordet og tidde heilt stille da Venstre stilte spørsmålet, og at blikket var flytta nærmare golvet da rådmannen ga sitt klare svar.

Som bystyre har vi ansvaret for å sørge for tenester og utvikling for 41 000 innbyggarar i kommunen. Vi er arbeidsgjevarar for fleire tusen tilsette, og vi har ansvar for store verdiar.
Da må vi som folkevalte oppføre oss ansvarleg.

Først leverte FrP og Pensjonistpartiet eit budsjettforslag i strid med kommuneloven, så forklarte Anders Kylland at Frp støttar rådmannens forslag for 2010-2012 (som mellom anna inneheld solid auke av eigedomsskatten). Neste steg var at partiet forsøkte å le seg vekk frå det pinlege i bystyremøtet. Foreløpig siste episode er at Anders Kylland hevdar at rådmannens budsjettforslag er i strid med norsk lov.

Rådmannens forslag er i strid med norsk lov? Kvifor i all verda hevda da den same Anders Kylland i bystyremøtet at Frps forslag for 2010-2012 er identisk med rådmannens forslag for åra2010-2012? Og kva i rådmannens forslag er ulovleg, Frp?

God jul — med eller utan saldert budsjett, innanfor eller utanfor kommuneloven.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**