Vossabudsjett i havn – men..!

Kommunestyret gjorde 11.12.08 vedtak for budsjett neste år. Fleirtalsframlegget kom frå Ap, Sp og SV. Frå talarstolen fortalte Hans-Erik Ringkjøb (Ap) – med entusiasme – at Voss Kommune no får eit «varmare budsjett» for neste år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Eit "varmare budsjett", som likevel ikkje fann plass til(blant anna):

1. Barnehage — Styrke tilbod til born med særlege behov.

2. Å minke kutta i skulen, gjennom å redusere dei planlagde kutta i lærarstillingar.

3. Investere i inventar og utstyr på skulane, dette har vore underprioritert i fleire budsjett.

4. Å forbetre fritids- og idrettstilbodet for personar med nedsett funksjonsevne.

5. Å starte arbeidet med ein Kulturplan for Voss Kommune.

6. Å oppretthalde tilskotet til Vaksenopplæringa. Me veit at me kjem til å motta fleire flyktningar til neste år. Dette var kommunestyret (med unntak av FrP)einige i. Likevel kuttar Ap/SV/Sp; 291.000 i budsjetta til vaksenopplæringa! (Dette var eit KrF forslag, som Venstre støtta fullt ut.)

Venstre ynskte blant anna å gje skule og kultur eit lite lyft i dette budsjettet. Dei raudgrøne har tidlegare sagt at dei ynskjer å lytte til opposisjonen, men det er forskjell på ord og handling!

Knut Olav R. Nestås, kommunestyrerepr. for Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**