Vossainfobrev for november

Kommunestyremøtet 27.11 i Voss hadde (for ei gongs skuld) ei rimeleg grei saksliste. Litt debatt blei det likevel til eit par saker. Det var spesielt høgrepartia i kommunestyret som ynskte å vise motstand mot all form for eigedomsbeskatning. Hadde vore morosamt og sett kor dei fekk pengane frå!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Infobrev 11/08 frå Voss Venstre.

I sak 100/08 vedtok eit samrøystes kommunestyre å gje Nortura eit tilskot i høve riving av “Udlabua” , på 185.000 kr. FrP ved Leif Arne Vangsnes kommenterte at dette var greitt så lenge tomta blei teken i bruk snarast. Også AP ved Tove N. Ødegård tok til ordet for rask disponering av tomta med tanke på mogelege omsorgsbustadar. Det gleder meg å sjå både FrP og AP ta til ordet for ei sak Venstre allereie har purra på to gonger, bra!

Under sak 101/08 “Utvida busetjing av flyktningar i Voss Kommune 2009” stemte eit mindretal(inkludert Venstre) for to tilleggsframlegg frå Høgre.
Hovudpoenget med dette var å kartleggje integreringsprosessen i Voss kommune. Tilleggframlegga fall, med kun tretten stemmer for. Venstre stemte også for å motta ytterlegare sju flyktningar i 2009. Kun FrP stemte i mot dette.

Under sak 102/08(Taks.for eigedomsskatt) blei det debatt som nemnt tidlegare. Venstre stemte for administrasjonen si innstilling. Det er heilt naudsynt med ei oppdatering av matrikkelen! Det var det me tok standpunkt til i dette møtet, me innførte ikkje krav om betaling av eigedomsskatt for heile kommunen(sjølv om mange trur det)!

Full møteprotokoll finn de på www.voss.kommune.no sine heimesider.

I neste kommunestyremøte, torsdag 11. des. er 09-budsjettet hovudsaka. Venstre var ikkje representert på formannskapsmøtet 25. nov., og som gav ei samrøystes innstilling (lik framlegg frå Ap).

Ver obs på at framlegg til ny klima- og energiplan for Voss no ligg ute til høyring. Du kan få eks.i servicetorget. Send gjerne innspel – eller til oss med tanke på den politiske behandlinga på nyåret.
Arbeidet fram mot Stortingsvalåret går for fullt i Venstre sentralt (og i nominasjonskomiteen for Hordaland).

Voss Venstre hadde lagsmøte 11. nov. der leiar i fylkesstyret; Mona Hellensnes, hadde ein fin gjennomgang av hovudpunkt i framlegget til nytt Stortingsvalprogram. Over 1000 endringsframlegg kom inn til komiteeen ved første høryingsfrist; 1. nov.! Men du har stadig sjansen til å påverka! Sjå Venstre si heimeside.

Knut Olav Nestås

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**