Vi er stolte og gleder oss til å besøke Øystein i Oslo!
Grimstad adressetidende, Agderposten og NRK sørlandet har dekt saken og ved å klikke på navnet kommer du til dem.
For de som skulle ønske de var på møtet og vil vite nøyaktig hva som skjedde kan de følge det minutt for minutt under her, referert av Jan Kløvstad.
Anne Solsvik har halde sin tale til møtet, Øystein Haga står på talarstolen nå.
Olaf Engestøl frå Iveland er foreslått på 5. plass frå både fleirtal og mindretal i nominasjonsnemnda. Han er også foreslått på førsteplassen frå Iveland Venstre. Han er fylkets yngste kommunestyremedlem. Å ramse opp det fine i Venstres program ville ta tida fram til i morgon tidleg, sa han, og la stor vekt på å løfte den kunnskapsmessige underklassen.
Marianne Lyngvi, Arendal bad den foreslåtte andrekandidaten Arnt Gunnar Tønnesen presentere seg. Tønnesen la vekt på miljø og skole.
Vidar Toreid, Bygland, roste dei fire talane og ville gjerne ha alle fire på topp. Han spurte også kva kvar enkel toppkandidat meiner om Unge Venstrelandsmøtets vedtak om narkotika og bordellar.
Anne Solsvik gjorde greie for sine personlege standpunkt , Unge Venstres landsmøtevedtak og Venstres program. Olaf Engestøl sa han er restriktiv i alle russpørsmål, og trudde ingen kunne løyse prostitusjon berre ved å forby det. Øystein Haga markerte seg som sterk motstandar av all narkotikabruk, og hadde ikkje sterke synspunkt på bordellar. Om kriminalsering av sex-kjøp var han på linje med Anne Solsvik og Venstres standpunkt. Under tvil vil han gå mot den foreslåtte loven.
Nå er det pause i møtet.
Hans Antonsen åpna møtet igjen.
Vidar Toreid tok ordet først, og lanserte Olaf Engestøl, Iveland som førstekandidat. Mariane Sønju Hagestad, Birkenes varsla at ho går inn for Øystein Haga, som ho kjente seg trygg på. Ho sa at Anne Solsvik verkar trygg og dyktig, men har vore uheldig med noen medieoppslag omkring Unge Venstres landsmøte. Ho var redd for at valkampen delvis måtte brukast til å bortforklare Unge Venstre-standpunkt.
Lilly Berland, Arendal, sa at vi er i ein luksusposisjon med tre flotte kandidatar. Ho målbar mindretalet i nominasjonsnemnda, som går inn for Øystein Haga. – Vi har tre glimrande kandidatar, og Øystein Haga er den som kan samle flest omkring partiet.
Torunn Haugen Jerstad, Lillesand, følte seg mest heime med Øystein Haga, som ho også hadde varsla i nominasjonsnemnda. Hagas verdigrunnlag ligg nærmast mitt verdigrunnlag, sa ho, og peika på at Unge Venstre-standpunkt ofte har laga vanskar for partiet.
Marianne S. Lyngvi, Arendal, synest ikkje dette var ein lett situasjon. – Vi har eit kjempeprivilegium, med fleire god ekandidatar. Eg er i den hjeldige situasjon at eg arbeider tett og godt med Øystein Haga, og det er ei god erfaring. Likevel støtar eg Anne, fordi eg trur på at det er veldig all right å få ei ung jente som er meget dyktig, som møter vår landsdel litt annleis, som vil gjere ein god valkamp og som vil fornye partiet – og landsdelen vår. Det kan da ikkje vere negativt at vi har leiaren i ungdomsorganisasjonen her frå fylket vårt. I alle desse åra har eg mange gonger vore rysta av Unge Venstrefolk, men likevel har vi lært noe og gått vidare. Ein leiar i ein organisasjon kan da ikkje vere personleg ansvarleg for eitkvart vedtak i ein organisasjon.
Jan Kløvstad, Arendal, roste Anne Solsvik for mot og evne til å gå inn i så vanskelege spørsmål som narkotikapolitikken. Han roste også Anne Solsviks lokalpolitiske arbeid i Arbeid.
Aslak Heim Pedersen, Arendal, argume nterte med at dei fleste som har represnetert fylket på tinget har vore middelaldrande menn – og noen få kvinner. Anne kan få ungdomen i tale på ein heilt annan måte enn vi middelaldrande kan gjere. Vi skal ha ei liste med ungdommeleg pågangsmot og kraft, god kjønnsfordeling og aldersspreiing, sa han. – Vi kan få ein representant med å gjere det litt annleis enn vi har gjort før.
Vidar Toreid fortalte om Olaf Engestøls gode arbeid i Setesdal, og også i Bygland der hans fantastiske evne til å tale med folk var til stor hjelp for det nyoppvakna Bygland Venstre. – Olaf har kraft til å kunne gjere det stort også på landsplan, sa han. – Partiet treng nytt blod, slik som Olaf Ebngestøl som kan bli den aller mest samlande. Det skal ikkje så mykje til for å få utjamningsmandatet, og Olaf kan samle mykje støtte.
Så blir det avstemming om førsteplassen.
26 stemmeberettiga.
Stemmene fordelte seg slik:
Anne Solsvik 10
Øystein Haga 13
Olaf Engestøl 3
Dermed blir det ny avstemming, mellom Øystein Haga og Anne Solsvik.
I denne avstemminga fekk Øystein Haga 16 stemmer og Anne Solsvik 10 stemmer.
Øystein Haga er dermed valt som venstres førstekandidat.
2. plassen.
Nominasjonsnemndas leiar Jan Kløvstad tok ordet og bad møtet samle seg om Anne Solsvik på andreplass, mens kommunestyremedlem Olav Grunde Lauvdal argumenterte for Olaf Engestøl på anfdreplassen, så også innlandet blir represnetert høgt oppe på Venstrelista.
Marianne S. Lyngvi, Arendal, hadde heile tida tenkt Anne Solsvik og Øystein Haga som eit godt lag,
med Anne Solsvik på topp. Nå ville ho ha Anne Solsvik på andreplassen.
Arnt Gunnarr Tønnesen,. Grimnstad, som var foreslått til andreplassen av fleirtalet i nominasjonsnemnda, og han oppforfdra forsamlinga il å nominere Anne Solsvik på andreplass.
Valet står da mellom Anne Solsvik og Olaf Engestøl. Avstemmingsresultatet blei 22
stemmer for Anne Solsvik og 4 stemmer for Olaf Engestøl.
Ttredjeplassen, der nominasjonsnemnda hadde foreslått Petter Toldnæs. Vidar Toreid foreslo Olaf Engestøl. Han sa at balansen er god så langt, men nå bør det vere litt meir geografisk sporeiing ut frå kystlinja, med all respekt for Petter Toldnæs. – Nå må vi ha ein knakande god kandidat som Olaf Engestøl frå dei indre bygdene, sa han.
Resultatet blei 17 stemmer til Olaf Engestøl og 9 stemmer til Petter Toldnæs.
Møteleiar Hans Antonsen foreslo:
4. Maria Aspesæter, Risør
5. Petter Toldnæs, Lillesand
6. Mariane Sønju Hagestad, Birkenes
7. Kai Ove Sandåker, Gjerstad
8. Dega Abdi Aman, Arendal
9. Line Øvernes Mørch, Tvedestrand
10. Anne Mo Grimdalen, Grimstad
Finn Ljøsne, Grimstad og Kai Ove Sandåker, Gjerstad spurte om Arnt Gunnar Tønnessen trekte seg frå andreplassen eller frå lista. Tønnessen sa at han berre hadde trekt seg frå andreplassen,
og med det gjekk møtet vidare plass for plass.
4. Maria Aspesæter, Risør samrøystes
5. Finn Ljøsne foreslo Arnt Gunnar Tønnessen, Grimstadog Anders Buestad foreslo Petter Toldnæs, mens Olaf Engestøl foreslo Lars Thoresen, Arendal. Avstemminga viste 23 stemmer til Toldnæs og 3 til Tønnessen.
6. Jan Kløvstad gjekk inn for Matriane Sønju Hagestad, Birkenes og ho blei samrøystes valt.
7. Samrøystes for Kai Ove Sandåker.
8. samrøystes Dega Abdi Aman, Arendal
9. samrøystes Line Øvernes Mørh, Tvedestrand
10. samrøystes Anne Mo Grimdalen, Grimstad.
Førstekandidat Øystein Haga takka for tilliten.