Planen skal være satt opp på en oversiktlig måte.”
Pkt. 4 gir eit krav om at det skal “for hvert enkelt år økonomiplanen omfatter anvises dekning for de utgifter og de oppgaver som er ført opp.”
Etter det eg kan sjå er det derfor berre to lovlege forslag som er lagt fram her, – rådmannens og fleirtalets forslag.
Eg kan ikkje forstå anna enn at det vil vere direkte ulovleg å stemme for budsjett og handlingsplanforslag frå Høgre, FrP og Pensjonistpartiet, sa Jan Kløvstad. – Kva ville skje om forslaga frå anten Høgre eller FrP og Pensjonistpartiet får fleirtal? Kva vil fylkesmannen gjere?
Rådmann Harald Danielsen ga svaret: Fylkesmannen vil straks sende slike vedtak i retur.
FrP forklarte at dei berre hadde laga tillegg, så rådmannens forslag gjeld for resten av perioden, noe Tormod Vågsnes og Jan Kløvstad oppfatta som at FrP støttar sterk auke i eigedomsskatten.