VENSTRE KREV UBÅTVRAKET HEVA

Regjeringa vel ei dårleg og kortsiktig løysing om dei ikkje hevar vraket av U-864 no.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Ubåtvraket ligg utanfor Fedje med enorme mengder kvikksølv i rustne stålbehaldarar. Utslepp frå vraket har allereie byrja, og er registrert som høgare konsentrasjonar i botnmassane rundt vraket. Den beste løysinga er å heve vraket og på den måten få fjerna usikkerheita som det giftige kvikksølvet representerar. Det er ikkje nok å dekke til vraket og dei forureinande sedimenta. Ei utsetting av hevinga vil berre utsette problemet.
Fedje-saken vil danne praksis for det som skjer når neste miljøbombe vert oppdaga. Vraket er ein stor miljøfare som trugar havmiljøet og fiskeria på store delar av Vestlandskysten. Vi må bruke dei ressursane vi har til rådvelde for å fjerne den miljøtrusselen ubåtvraket representerar. Skal me vere ein truverdig fiskeri- og miljønasjon både i og utanfor Noreg, samt ta framtidige generasjonar på alvor, MÅ vraket må hevast no!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**