E18 – kva skjer?

Ein strek for ÉIN mogleg trasé for ny og trygg E18 mellom Arendal og Tvedestrand er teikna på eit kart. Naturleg nok er diskusjonen i gang for og mot denne streken. Derfor vil eg forsøke å orientere om kva som skjer med ny E18 nå. Det er fleire prosessar samtidig, og viktig å skille litt mellom dei. Alle prosessar har same målet: Ny og trygg E18 så raskt som mogleg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

E18 Bremsespor

Foto: Jan Kløvstad

1. Strekninga E18 Arendal-Tvedestrand må inn i Nasjonal Transportplan 2010-2019
Dette er det viktigaste. Å bli nemnt i Nasjonal transportplan er nøkkelen til å få pengar til detaljplanlegginga. Den politiske og administrative leiinga i Arendal, Tvedestrand og Aust-agder fylkeskommune ber derfor om at følgande tekst skal inn i planen: "Det må igangsettes planarbeid på konkrete planparseller av E18 i tråd med anbefalingene i konseptvalgutredning E18 Langangen-Grimstad. Godkjente kommunedelplaner må være vedtatt innen utgangen av 2011 slik at prosjektene kan tas opp til vurdering ved neste rullering av NTP." I den nemnte utgreiinga er det tilrådd at framtidig utbygging av E18 til 4 felt blir anbefalt på strekningane Rugtvedt-Dørdal (i Bamble) og Tvedestrand-Arendal. Saksgangen nå er at vi er mange som har jamn kontakt med departement og nasjonale politikarar for å få inn strekninga "vår" i den planen Stortinget skal vedta til våren. Aksjonen med plakatar og mange menneske ved alle 161 av- og påkøyringar 12. mars i år var ein del av dette arbeidet, for å vise medlemene i transportkomiteen på Stortinget kor viktig det er å få ny og trygg veg med midtdelar.

2. Konseptvalsutgreiing Langangen-Grimstad
Regjeringa vedtok at alle statlege bygge- og anleggssprosjekt over 500 millionar kroner skal ha ein ekstra utgreiingsrunde. Vegvesenet har laga ei grundig utgreiing som nå er på veg via Vegdirektoratet til alle kommunane Skien-Grimstad for å få kommentarar og innspel. Vegvesenet foreslår at det mellom Arendal og Tvedestrand blir arbeidd vidare med ein kystnær trasé som både bind dei to byane saman og som unngår dei 161 avkøyringane som er på dagens E18. Kommunestyra og fylkestinget skal uttale seg om dette hovudgrepet i løpet av 6-8 veker.

3. Såkalla "mulighetsstudie"
For å finansiere ny veg skal Vegvesenet lage ein såkalla "mulighetsstudie", der fagfolk nå reknar på kva vegen vil koste. Det blir rekna på ulike modellar for statleg finansiering og brukarbetaling ved antenner og liknande moderne avløysarar av gamaldagse og særs lite kostnadseffktive bomstasjonar. Dette arbeidet er i god gjenge, og kommunane og fylkestinget vil få noen forslag til behandling tidleg i 2009.

4. Kommunedelplanar
Den éine moglege streken som nå er sett på kartet er teikna der for å finne ut kor mykje ein veg vil koste. Streken er høgst sannsynleg IKKJE DEN ENDELEGE VEGTRASÉEN. Vidare planlegging av det som blir den endelege vegen blir starta morgonen etter at Stortinget har vedtatt Nasjonal transportplan, og der strekninga Arendal-Tvedestrand står nemnt. Da startar eit konstruktivt samspel mellom dei faglege kreftene i Vegvesenet, kommunestyret i Tvedestrand, bystyret i Arendal — alle som bur mellom Tvedestrand og Arendal og alle andre som har meiningar om kor vegen skal gå. Vegvesenets jobb er å utarbeide planen, kommunane skal medverke, behandle forslaget først administrativt og så i folkevalte organ. Det einaste som ligg noenlunde fast er at fagfolka i vegvesenet innstiller på at vegen skal vere kystnær. Vidare kan vi sjå av dette første forslaget at vegvesenet forsøker å få vegen lengst mogleg vekk frå folk og hus, dyrka og dyrkbar mark, vassdrag og drikkevatnkjelder, vil ha tunnel gjennom store delar av dei viktige friluftsområda nordaust for Arendal sentrum, og forsøke å avlaste kystvegen utan at dei endelege løysingane er funne ennå. Vegen skal bli 19 meter brei, med dei livsviktige midtdelarane som kan berge liv.

Nye strekar på kartet kjem ikkje frå vegvesenet før kommundelplanarbeidet arbeidet startar, morgonen etter det eg håpar blir eit positivt vedtak i Nasjonal transportplan 2010-2019. Slik detaljplanlegging er alltid ei enorm utfordring med mange ulike interesser å ta hensyn til.

Målet
Målet er klart: ny trygg E18 med midtdelar og ein visjon som vi ser på ny E18 i Nordre Vestfold — null ulykker.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**