Av Jan Kløvstad,
leiar i Arendal Venstre
NAV Helseforvaltning Sør forklarar spørsmåla sine med takstsystem som “er forbeholdt tjeneste ved kommunalt organisert legevakt”.
Om noe blei oppfatta som uklart kunne kommunen kontakte fire namngjevne tilsette i NAV Helseforvaltning Sør i Kristiansand, utfrå telefonnummera å dømme fire menneske med kontor ved sida av kvarandre. Eg har sjekka telefonkatalog og skattelister og kan stadfeste at desse fire menneske verkeleg finst, fordi eg lenge hadde ein mistanke om at heile brevet var ein spøk.
Det er grunn til å tru at mange vettuge kommunale helsesjefar, kommunelegar, rådmenn og andre som blei plaga med de første brevet har arkivert det der det høyrer heime i søppelkorga. 1. desember sendte NAV Helseforvaltning Sør ut purrebrev der dei går enda eit steg innover i det innvikla byråkratisystemet sitt: “Vi er klar over at kommunen kan være inkludert i et legevaktsamarbeid med andre kommuner, hvorav en eller flere kan ha svart, også for din kommune. I så fall kan du bare henvise til dette.”
Kva i all verda er dette for unødvendig bruk av andre folks arbeidstid? Dei fleste har tilgang til internett og telefon, og utfrå brevarket kan det verke som også NAV har det. Legevakta i Arendal for eksempel er eit samarbeid med mange kommunar. Slår du opp på Gule sider på Legevakt Åmli, Legevakt Vegårshei, Legevakt Tvedestrand, Legevakt Risør, Legevakt Gjerstad, Legevakt Arendal, Legevakt, Froland og fleire til får du nøyaktig same svar: Legevakten i Arendal 815 32 999, og attpåtil adressa ved Sørlandet sykehus Arendal.
Truleg kan den første som tar telefonen på Legevakta i Kristiansand gi 100% korrekt oversyn over alt legevaktsamarbeid i Vest-Agder og dei nærmaste Aust-Agderkommunane i løpet av ca 35 sekund?
Og så skal altså eit NAV-kontor ha fire tilsette som skal ta seg av svar på 8 unødvendige spørsmål til 30 kommunar. Spørsmåla er eigentleg 15 spørsmål samla i 8 punkt. Når kvart enkelt brev kjem til kommunane skal det skannast i eit elektronisk system, ein kommunetilsett skal finne ut kven som er ansvarleg for kontakt med den interkommunale eller kommunale legevakta og legge brevet i hans/hennes mappe, vedkomande (som fortener ei brukbar løn) skal sette seg ned og svare på spørsmål han/ho er nødt til å ringe legevaktas administrasjon om, han/ho skal sjekke minst eit spørsmål med lønningskontoret i kommunen. Legevakta i Arendal skulle om alle er like firkanta byråkratiske i hovudet som NAV Helseforvaltning Sør få telefon frå 8-10 kommunar som stiller dei same åtte (15) spørsmåla. Og om noen skulle følgje logikken i purrebrevet skulle ein kommune innanfor legevaktsamarbeidet med Arendal ringe alle dei andre kommunane i området for å høyre om dei hadde svart og eventuelt inkludert dei kommunane som ikkje hadde svart.
Ærleg talt, NAV: Eg veit at de har mykje å gjere. I mange kommunar ser eg at NAV-kontoret har store problem med å få arbeidet unna, eg kan lese at mange i NAV er sjukmeldte, og at mange skulle ønske ting fungerte betre. Men likevel: Kven i all verda har gitt desse fire tilsette i NAV Helseforvaltning Sør fullmakt til å plage 2-4 tilsette i kvar av dei 30 kommunane på Sørlandet? Eitkvart menneske over konfirmajsonsalder skulle klare å finne alle svara på 12-15 minutt utan å plage andre.
Når ei slik enkel oppgåve kan løysast så byråkratisk at eit normalt oppegåande menneske ikkje ville ha fantasi til å kome på tanken ein gong, – korleis skal NAV få tid til det viktige, nemleg å få flest mogleg menneske ut i arbeid eller utdanning og gi dei som er for sjuke til arbeid eit verdig og anstendig liv?
NAV treng ei grundig avbyråkratisering. Set i gong!