Offensiv og miljøvennleg Agder Renovasjon

Agder Renovasjon er miljøpolitikk i praksis, ein foregangsbedrift som viser veg på nasjonalt nivå. Agder Renovasjon er eigd av Arendal, Grimstad og Froland kommunar. I dag orienterte dagleg leiar Anita Aanonsen Jernquist bystyremedlemene

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


om utfordringane for renovasjonsselskapet:
– vi kastar stadig meir avfall
– metallprisen har gått sterkt ned
– staten innfører forbod mot deponi av nedbrytbart materiale frå 1. juli neste år
– oppbygging av Agder Returkraft i Kristiansand er ei storsatsing der Agder Renovasjon eig 31% av det nye selskapet.

Ho orienterte også om bruken av gass til fjernvarme for sjukehus, kulturhus og rådhus i Arendal og fleire andre konstruktive miljøtiltak.

Heftingdalen

Foto: Odd Austarheim

I 2007 ga Aust-Agder Venstre miljøprisen til Agder Renovasjon. Toppkandidatane til fylkestingsvalet, Øystein Haga og Marianne S. Lyngvi, overrakte prisens aman med stortingsrepresentant Odd Einar Dørum. Dørum blei så imponert over Heftingsdalen at bildet av miljøprisoverrekkinga også er med i den nye boka hans, Ombudsmann på jobb, utgitt på Commentum forlag nå i haust.

Anne Marit Tørå

Foto: Arendal Venstre

Tormod Vågsnes, Arendal KrF, er styreleiar, med Tove Nevisdal frå Grimstad Venstre er nestleiar. Arendal Venstres Anne Marit Tørå er også styremedlem.

Les meir om Agder Renovasjon her, og gjer miljøjobben DIN både heime og alle andre stadar!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**