I dag meldte NRK Sørlandet at utdanningsdirektøren i Aust-Agder ber om ei forklaring på dei høge fritakstala i skolane i Aust-Agder i dei nasjonale prøvene.
Dette tok bystyregruppa i Arendal Venstre opp 13. november, sjå våre heimesider, og vi har bedt ordførar og komiteleiar for oppvekst i Arendal kommune om å å ei grundig orientering for alle bystyremedlemene om dette – og om resultata i dei nasjonale prøvene. Vi bad om å få orienteringa 27. november, og så 4. desember, men orienteringa er utsett til etter jul.
Nå ber utdanningsdirektøren om raskt svar, så Anne Solsvik vil ta Venstres initiativ opp igjen i dagens driftstyremøte for å høyre om det er mogleg å få orienterinag også til bystyremedlemene raskare.
Venstre minner om at mange representantar for Utdanningsforbundet og andre skolemiljø i Aust-Agder aktivt hevda at Oslo hadde ein høg fritaksprosent som forklaring på imponerande Oslo-resultat i fjor, og i PISA-prøvene. Dette var direkte feil, og likevel kom dette fram gong etter gong etter gong kvar gong vi var i skolediskusjonar. Og så viser det seg at det slett ikkje er Oslo som driv med fritak, men Aust-Agderskolane!
Arendal Internasjonale Skole er best i fylket. Mellom dei 90 elevane der var det ein elev borte med langtidsfråver og det var ein nykomen franskspråkleg elev som fekk fritak. Det er altså mogleg for ein skole i Aust-Agder å både ha gode faglege resultat og minimalt fritak – faktisk lågare enn landsgjennomsnittet.
Arendal Venstre, ved Anne Solsvik, ser fram til å få ei grundig orientering snarast.
Kontaktperson: driftstyremedlem og oppvekstkomitemedlem Anne Solsvik 99 59 87 96.