skal kartlegge finansieringa. Både Arendal bystyre og Tvedestrand kommunestyre har sagt ja til delvis bompengefinansiering, og denne analysen skal vise ulike finansieringsmodellar. For å få dette til har Vegvesenet også – endeleg!- laga forslag til ÉIN mogleg trasé. Den endelege traséen blir eit resultat av samspel mellom vegvesenets faglege råd og politisk behandling i dei to kommunestyra. Det er håp om å ha “mulighetsanalysen” på plass innan utgangen av januar 2009, mens arbeidet med å få strekninga inn i Nasjonal Transportplan blir avgjort formelt med stortingsvedtak våren 2009. Utfrå den kontakten fleire folkevalte i Arendal og Tvedestrand har hatt med stortingsrepresentantar frå fleire parti er det optimisme.
Traséen vegvesentets fagfolk nå har teikna er kostnadsrekna heil foreløpig med pluss/minus 25% til rundt 3 milliardar kroner.
Det gode med traséen er at den tar minimalt eller kanskje ingen hus, at den tar heilt minimalt eller kanskje ikkje noe dyrka mark, at den går nær kysten, at den er foreslått i tunnel gjennom friluftsområda i Arendal øst og at den er like kort som dagens trasé.
MEN INGEN DETALJAR ER ALTSÅ VEDTATT ENNÅ. DET SKAL DET LOKALE DEMOKRATI ARBEIDE VIDARE MED!
Her er Arendals Tidende om saka i dag.