Har Venstre skifta standpunkt?

Nei, Venstre har ikkje skifta syn når det gjeld behovet for endringar i skulestrukturen i Kvinnherad. Vi meiner at endringar må til for at dei ressursane vi brukar i skulen skal nyttast på ein betre måte enn det vi har høve til i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


[overskrift]Artikkelen er skriven i 2008, men er høgatuell også idag.
Vi meiner det vil styrkja skulen om vi får større einingar; lærarkollegiet på kvar skule vert større, og elevar får fleire medelevar å samhandla med. Det er viktig å ha i tankane at uansett samanslåingar, så vil ingen av skulane i Kvinnherad bli svært store.

Målet med endringar er at kvaliteten for tilsette og elevar skal verta høgare, både når det gjeld det fysiske læremiljøet og det pedagogiske læremiljøet. Vi meiner at skal vi nå målsetjinga til kommunen, at elevane skal auka gjennomsnittleg kunnskapsnivå til snittet i Hordaland, så må endringar til. Kvinnherad Venstre meiner at elevar og lærarar i Kvinnherad fortener at vi satsar på kvalitet i skulen. I dette ligg også at vi treng opprusting av det fysiske læremiljøet på skulane; og vi trur ikkje det er løyseleg med å behalda alle skulane i Kvinnherad.

Å endra skulestruktur handlar også om kjensler. Kjensler er det uråd å ha debatt kring; vi kan ikkje fortelja nokon om dei har rette eller feil kjensler. Eg trur vi kan få ein god og sakleg debatt om kva mål vi ynskjer å oppnå og korleis vi skal klara å oppnå målet vårt. Vi skal då passa oss for å starta debatten kring kjensler knytt til skulen i heimbygda vår, men prøva å halda fokus på kva vi ynskjer å oppnå med skulen i Kvinnherad og kva verkemiddel vi meiner vil føra fram til målet.

Synnøve Handeland
Kvinnherad Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**