Set saka om Sande-bysta på saklista!

Venstre og Hogne Kvangarsnes etterlyste saka om flytting av Jakob Sande-bysta på kommunestyremøtet måndag 17/11. Ordførar Helle har ved fleire høve — og seinast i e-post dater 10/11 til gruppeleiarane, opplyst at han ville ta opp att saka på november-møtet. Men då saklista låg føre, var saka totalt fråverande. Ordføraren svara at han ville vente til februar og handsame saka i samband med rulleringa av kommuneplanen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Innlegget til Hogne Kvangarsnes (V) i kommunestyremøtet 17.11.2008

Ordførar!

Ein prinsippiell merknad i høve dagens sakliste.

Det gjeld saka om flytting av Jakob Sande-bysta – som ordføraren opphaveleg hadde beramma til dagens møte — og som ordføraren offentleg har sagt skal takast oppatt.

Rett nok vart saka omtala under dagens spørjetime, men då er det som kjent berre ordføraren og spørsmålsstillaren har talerett.

Saka var sist oppe i 20. des 2005 (K-sak 124/05) Det vart då gjort følgjande vedtak: "Kommunestyret vedtek flytting av Jakob Sande-bysta frå Fjaler ungdomsskule til tusenårsstaden i området mellom gamle badet og gamle skulen. Kommunestyret føreset at bysta ikkje vert flytta før området er tilnærma ferdig tilrettelagt."

Med andre ord: vedtaket er klinkande klart. Bysta skal flyttast til tusenårsstaden når området er tilrettelagt. Og inntil anna vedtak blir fatta, er det dette vedtaket som formelt sett gjeld. Då kan ikkje vi som folkevalde på sett og vis feie vedtaket under teppet — og late som om det ikkje eksisterer. Kva vi seier og kva vi meiner, er viktig og greit nok. Men det er vedtaka som til ein kvar tid er retningsgivande.

Slik ordføraren har skissert vidare gang i denne saka, begynner vi å nærme oss mindretalet sitt framlegg i saka: "Flytting av Jakob Sande-bysta vert teken ut av planen for Tusenårsstaden. Mogeleg flytting vert å vurdere når Tusenårsstaden er ferdig." For ordens skuld: framlegget kom frå Venstre og fall mot 13 røyster.

Venstre-gruppa meiner formelt sett at saka sett bør fremjast på nytt — slik at kommunestyret eventuelt får høve til å vurdere eit nytt vedtak. Sjølvsagt kan det stillast spørsmål ved grunnlaget for å reise saka på nytt. Men dersom ordføraren meiner det sakleg sett er rimeleg grunn til å ta oppatt saka — slik han har uttalt; er det vårt råd at han bør gjere det. Venstre vil iallfall respektere det.

Om det blir gjort på kveldens møte – eller til kommunestyremøtet i desember, blir i så fall opp til ordføraren å avgjere.

Konklusjonen vår — ordførar – er altså klar: Set saka på sakskartet att! Lat kommunestyret få vurdere saka på nytt! Det vil etter vår vurdering vere det politisk ryddigaste.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**