Men det er også noen resultat som vi finn grunn til å få nærmare forklaringar på, seier dei to bystyremedlemene.
Spørsmåla Venstre gjerne vil ha svar på frå rektorane, er mellom anna:
– Er det framgang frå forrige nasjonale prøve? Kva er gjort for å få den fine framgangen?
– Står skolen stille, kva skal til for å gi betre resultat neste gong?
– Er resultata ikkje så gode som rektor gjerne vil ha dei? Kva skal til for å nå måla?
Arendal Venstre er opptatt av å gi elevane ein best mogleg skole. Elevar i Arendal skal ha landets beste tilbod, og vi skal både ha ein fornuftig skolestruktur og vi skal legge til rette for at barn og unge i Arendalsskolen står best mogleg rusta for vaksenlivet, uansett ballast dei har kome inn i skolen med.
På Stortinget går Venstre sterkt inn for kvalitetsauke i alle ledd i skolen, og med læraren som nøkkelen til den gode skolen. I Venstres alternative statsbudsjett går vi inn for ein milliard til kompetanseheving og rekruttering av lærarar.
Venstre sender nå brev til ordførar og rådmann for å få orientering omkvalitetsutviklinga i skolane i Arendal 20. november.
– Vi er fullt klar over at resultata på ei einaste nasjonal prøve ikkje seier absolutt alt om kvaliteten i undervisninga, og det er ein av grunnane til at vi ber om ein grundig gjennomgang, seier Solsvik og Kløvstad, men det viktige er alltid å ha som mål å bli betre, stadig betre.