Anne Solsvik eller Øystein Haga? Delt innstilling frå nominasjonsnemnda

Eit fleirtal i Venstres nominasjonsnemnd går inn for Anne Solsvik, Arendal, på toppen av stortingslista. Mindretalet går inn for Øystein Haga, Grimstad. Fleirtalet har Arnt Gunnar Tønnessen frå Grimstad på andreplassen og Øystein Haga på heidersplassen nederst på lista. Mindretalet har Anne Solsvik på andreplassen og Anne Mo Grimdalen på den nemnte heidersplassen. Aust-Agder Venstre hadde åpen høyring med fem aktuelle førstekandidatar i Arendal sist mandag, og held fram med den åpne nominasjonsprosessen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Ved stortingsvalet i 2005 mangla Venstre 116 stemmer for å få stortingsplass frå Aust-Agder. Venstre hadde stortingsmandatet minst fire gonger i løpet av valnatta. Det er derfor med ei vis spenning Aust-Agder Venstre nå er inne i sluttfasen i nominasjonsprosessen.

Her er dei to forslaga, som lokallaga nå skal gå gjennom fram til nominasjonsmøtet i Arendal kultur- og rådhus onsdag 10. desember kl 1900.


Fleirtalsforslaget:

Anne Solsviks stortingskontor

Foto: Jan Kløvstad

1. Anne Solsvik, Arendal
2. Arnt Gunnar Tønnessen, Grimstad,
3. Petter Toldnæs, Lillesand
4. Maria Aspesæter, Risør
5. Olaf Engestøl, Iveland
6. Anne Mo Grimdalen, Grimstad
7. Kai Ove Sandåker, Gjerstad
8. Dega Abdi Aman, Arendal
9. Line Øvernes Mørch, Tvedestrand
10. Øystein Haga, Grimstad

Mindretalsforslaget:

Øystein Haga

Foto: Venstre

1. Øystein Haga, Grimstad
2. Anne Solsvik, Arendal
3. Petter Toldnæs, Lillesand
4. Maria Aspesæter, Risør
5. Olaf Engestøl, Iveland
6. Mariane Sønju Hagestad, Birkenes
7. Kai Ove Sandåker, Gjerstad
8. Dega Abdi Aman, Arendal
9. Line Øvernes Mørch, Tvedestrand
10. Anne Mo Grimdalen, Grimstad

Anne Solsvik er leiar i Norges Unge Venstre og bystyremedlem, formannskapsmedlem, planutvalsmedlem og medlem i oppvekstkomiteen i Arendal.

Øystein Haga er medlem av fylkesutvalet og fylkestinget, gruppeleiar i Grimstad bystyre og leiar i kulturutvalet i Grimstad. Han er også tidlegare fylkesleiar og landsstyremedlem.

Arnt Gunnar Tønnessen er grunnleggar og eigar av www.skoleveven.no.

Petter Toldnæs er planutvalsmedlem i Lillesand kommunestyre og lokallagsleiar for Venstre i Lillesand.

Maria Aspesæter er varamedlem til Risør bystyre.

Olaf Engestøl er fylkets yngste kommunestyremedlem i Iveland.

Anne Mo Grimdalen er bystyremedlem i Grimstad, tidlegare fylkestingsmedlem, fylkesleiar og stortingskandidat.

Mariane Sønju Hagestad er aktiv Venstremedlem i Birkenes og hovudtilitsvalt for NITO ved sjukehuset i Kristiansand.

Kai Ove Sandåker er kommunestyremedlem i fjerde perioden sin i Gjerstad.

Dega Abdi Aman er første varamedlem til bystyret i Arendal og har møtt fast som vikar for Anne Solsvik frå januar til november i år.

Line Øvernes Mørch er formannskapsmedlem og kommunestyremedlem i Tvedestrand, og tidlegare fylkesleiar og landsstyremedlem i Venstre.

Medlemer i nominasjonsnemnda er Anne Midtlien, Venstrekvinnelaget, Lilly Berland, Arendal Venstre, Torunn Haugen Jerstad, Lillesand Venstre, Olav Aasen Haugsgjerd, Unge Venstre, Hans Antonsen, Grimstad Venstre og Jan Kløvstad, Arendal Venstre (leiar i nemnda).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**