Stadig nye politiske utfordringar!

Også i oktober har Voss Venstre markert seg i lokalavisa og elles – jamvel om arbeidet for å berga Enkjeheimen, enda med tap. Siste informasjonsbrevet til medlemer og interesserte fortel m.a. om to interpellasjonar i kommunestyret, og om framlegg til Stortingsvallista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


INFO.BREV NR. 10/08
Lokalpolitiske saker har tatt det meste av den politiske merksemda også i oktober. Men i tillegg nærmar Stortingsvalet seg, slik at vi også har drøfta innspel til nominasjonen og behandling av utkast til Stortingsvalprogrammet

Stortingsvallista.
Voss Venstre sitt framlegg til Stortingsvallista er — for dei første plassane — følgjande:
1. Lars Sponheim, Ulvik, 2. Gunn Vivian Eide,Bergen , 3. Lars Henrik Michelsen, Austevoll/Bergen, 4. Synnøve Handeland, Kvinnherad, 5. Sverre Kleivkås, Ullensvang, 6. Kari Østervold Toft, Sund, 7. Knut Olav Nestås, Voss, 8. Sølvi Mangerøy, Radøy.
Ut frå ei melding i Bergens Tidende, er det ingen motkandidatar til Lars Sponheim. Men for andreplassen blir det nok vanskelege vurderingar. Her har Voss sine kandidatar nr. 2, 3, 4,og 6 kvar sine forkjemparar. Avgjerda fell på nominasjonsmøtet 6. febr..

Styremøtet 14. okt.
drøfta elles litt behandlinga av nytt Stortingsprogram. Geir Inge Kvitne informerte frå regionmøte i Granvin 8. okt., der fylkesleiar (og landsstyremedlem) Mona Hellesnes frå Ulvik orienterte om det omfattande utkastet. Styret vedtok å ha eit møte 11. nov. om dette, og med Mona Hellesnes som innleiar.

Kommunestyremøtet 30. okt.
hadde både mange, og vanskelege, saker. Lengst tid tok spørsmålet om privat eller kommunal barnehage på Sundve, og om kommune skulle støtta oreigning for få vegtilkomst til byggjefelt i Brynamarka.

Selskapet "Trygge barnehager" har kome tilbod om å byggja og driva ein barnehage -stor nok for alle barn på Vossestrand – på eit areal tett ved Sundve skule/noverande barnehage. Dette fekk fleirtal — mest med tilvising til at dette skal gå mykje fortare enn om kommunen skal byggja. (Ny kommunal barnehage her er nr. 2 på prioriteringslista, etter barnehagen under bygging på Tvildemoen.). Venstregruppa delte seg; i ein røysta for eit fellesframlegg frå Ap og SV om å byggja kommunal.

Reguleringsplan for eit byggjefelt i Brynamarka blei vedtatt i 2000. Det blei då først nedstemt. Men Ap og Sp tok så saka opp att i neste kommunestyremøte. (Venstre stemte mot.)Vedtaket i 2000 opnar for at Voss kommune skal oreigna. Tiltakshavar no, Vangsgutane, og eigarar av vegtilkomstområda, har ikkje kome til semje om vegrettar, og spørsmålet om støtte til oreigning var det sentrale i kommunestyremøtet no. Men saksutgreiinga no var den same som i ei orientering til formannskapet i juni, dvs. utan kommentarar til brev og saksutvikling etterpå. Venstre fremja derfor følgjande utsetjingsframlegg:
1. Saka blir utsett til novembermøtet. 2. Ei utfyllande og oppsummerande saksutgreiing skal då leggjast fram, m.a. om status i dag i høve til dei ulike premissar i reguleringsplanvedtaket og kommuneadvokaten si vurdering av desse, vidare om tilhøve vedk. event oppheving av reguleringsplan inkl. event. erstatningsspørsmål.. 3. Synfaring for kommunestyret blir å leggja til rette.
AP slutta seg til dette, og ønskte å ha det som fellesframlegg. Framlegget fall. Deretter stemte Venstre, som kommunestyret elles, mot støtte til oreigning. (Sjå og "Hordaland" for 1. nov..)

Elles hadde Venstre sine repr. — "broderlig fordelt" – ordet i sakene om ny barnehageplan 2008 — 2018, reguleringsplan for Kvitno/Bordalen, ny fordelingsnøkkel for tilskot til politiske parti, parkeringsanlegg under Hestavangen, og til arbeidet i kontrollutvalet, både årsmelding for 07 og plan for 08-12. Ta kontakt dersom du ønskjer meir informasjon!

Venstre hadde to interpellasjonar i møtet; om omsorgsbustadar på Udlabutomta, og om utsjånaden til den nye COOP-butikken på Skulestad. Til den første svara ordføraren at ei samla sak om omsorgsbustader m.v. var på gang. Spørsmålet i den andre var i kva grad vedtekne estetiske retningsliner var tatt inn ved vurderinga av det nye forretningsbygget, og om vektlegging og praksis elles, særleg for større bygg. Ordføraren svara at godkjenninga var gitt i høve til vedteken reguleringsplan m.v. og at arkitektfirmaet var eit dyktig firma.. Dvs. eit relativt utilfredsstillande og ufullstendig svar. Så her trengst det nok aktiv oppfølging!
Begge interpellasjonane finn du i eigne oppslag på heimesida til Voss Venstre; sjå www.venstre.no/Hordaland/Voss.

Formannskapsmøte 16. okt. :
Her kan nemnast at FPL gav klarsignal for vidare arbeid med tilbygg til Tinghuset. NAV skal få sine (felles)kontor her. (Underskrivne var ikkje tilstades under denne delen av møtet.) Og FPL gav støtte til at gründer bak "Voss Vind" kan halda fram arbeidet med å planleggja ei "vindtunnel" lengst nordaust på Tvildemoen, nedre platå. (Dei fleste større sakene gjekk til KST 30. okt.).

I Utval for miljø og kultur sitt møte 23. okt. fremja Venstres repr.; Anne Jorunn Ryum Møen, framlegg om at det burde gjevast tilskot til brøyting av Tyssenvegen på Bolstad, i og med at skuleskyss er ei offentleg oppgåve. Men tilskot, eller KrF sitt framlegg om overtaking til kommunal veg, blei ikkje vedtatt. I Utval for nærings- og tiltaksarbeid var det berre eit par-tre konsesjonssaker oppe i møtet 28. okt. Ein repr. reiste derfor spørsmålet om ikkje heile utvalet burde leggjast ned!.

Tysdag 11. nov. kl. 19.00 vert det møte på Voss ungdomsskule for medlemer og sympatisørar!
Tema:
– Utkast til Stortingsvalprogram*. Innl. Mona Hellesnes, leiar Hordaland Venstre
– Budsjettframlegg for 2009; status. Orientering v/ Torstein Gunnarson
Orientering om andre aktuelle saker, m.a. laurdagsseminar Bergen 22. nov..
(*Dette er litt etter svarfrist til komiteen; 1. nov. . Men kjem det opp diskutable punkt, er det sikkert råd å ettersenda ei fråsegn.)

Mvh. Torstein Gunnarson Kristian Østrem
gruppeleiar V i kommunestyret. Leiar Voss Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**