Innspel til kommuneplanen om Vigra

Vigra har eit totalt areal på 20 km2 som er 50 % av arealet i kommunen og har i overkant av 1800 innbyggarar. Folketettleiken er på ca 90 menneske pr. km2. Vigra er den øya som har størst arealreserve til framtidig utvikling.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


På Gjøsund ein golfbane, og ein av Møre og Romsdals beste lokalitetar for brettsegling og kiting. I staden for å nytte desse områda til industri, ønskjer Venstre å kanalisere meir av den framtidige industriutbygging til Vigramyrane. Ny etablering av handel og serviceverksemd kan med fordel lokaliserast til Ytterland.

Vegnettet på Vigra utanom riksvegen er langt frå å tilfredsstille dagens krav til trafikktryggleik. Det er behov å prioritere planlegging av eit framtidsretta vegnett på Vigra. Her er det viktig at Fylkesveg 135 gjennom Gjøsundmyrane ikkje vert stengd for person- og biltrafikk. Samstundes er det viktig å oppretthalde ein passasje på nordsida, slik at jordbruksteigane kan vere tilgjengelege frå begge kantar av øya.

Ein må planlegge for vidare utbygging av bustader i området Molnes og Roald, og ein må prioritere å lage ein sentrumsplan for Roald. Det bør leggjast til rette for ei kontrollert fortetting i områder eller på øya. Samlokalisering av skule og barnehage er ein fordel for begge verksemder, og for mange av brukarane. Det vil difor vere tenleg å få vidare utbygging av barnehage nær Vigra skule, innan ein radius på eit par kilometer.

På våre avgrensa areal vil Venstre prioritere anlegg for motorcross og hestesport. Motorcrossbana bør få ligge der den er. Gokartbane er for arealkrevjande i høve til meirverdien, og den bør fjernast frå planen. Det same gjeld innteikna hyttefelt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**