Innspel til kommuneplanen om Valderøya

På Valderøya må det vere eit spesielt sterkt fokus på bevaring av dei “grøne lungene” og tilgang til friareal i nærområda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Valderøy har eit totalt areal på 6.5 km2 som er 16.2 % av arealet i kommunen, og har om lag halvparten av innbyggarane i kommunen. Store areal er fjell som ikkje er eigna til utbygging. Folketettleiken er høg, over 500 menneske pr. km2.

Ytterland er kommunen sitt knutepunkt for samferdsel. Kommunen må utarbeide ein samla plan for Ytterlandsområdet, med ei heilskapleg planlegging for samferdsel, handel, service og bustader.

Øya har eit behov for fleire plassar for småbåtar, og det er derfor viktig at område for slik bruk vert avsett i reguleringsplanen. Nokre områder er eigna for terrassehus og andre bustader i fleire høgder. Dette må regulerast inn der desse naturleg kan tilpassast inn i terrenget, og der det bryt minst mulig med byggeskikken i området.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**