Innspel til kommuneplanen om øya Giske

Øya er kanskje den som vil merke etableringspresset mest, og då fortrinnsvis på bustader. Dette mykje grunna storleiken og naturkvalitetane, samt nærleiken til tunnelane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Giske er den minste av øyane med 2.67 km2 areal (6.7 % av arealet i kommunen). Folketettleiken er relativt høg, over 250 innbyggarar pr. km2.

Øya Giske har eit utprega kystkulturlandskap, og har ei historie som vi er forplikta å ta vare på for etterkomarane våre. Difor bør ein vere svært varsam med utfyllande bustader og ha klare estetiske regler for utsjåande på eventuelle nybygg. Landbruket har ei viktig rolle, også i bevaring av kulturlandskapet, og må takast omsyn til. Tale på innbyggjarar har auka kraftig siste åra og nærmar seg no 700. Utanom skule, barnehage og bukollektiv er der ikkje andre servicetilbod på øya. Desto viktigare er det å nøre opp under eit aktivt organisasjonsliv og då spesielt tilbod til born og unge. Det er viktig at det blir satt av framtidig areal til dette, samt at strandsona vert sikra som friområde.

Ein må planlegge arealbruken rundt Giske kyrkje slik at ein sikrar seg areal for framtidig utviding av gravstaden, og meir parkeringsareal for kyrkja og for Giske Amfi. Bukollektivet er eit offentleg kommunalt bygg, og til anna er vedtatt bør det framleis vere farga med raudt. Ein må planlegge for eldrebustader på Giske også i framtida. Giske har eit unikt kulturlandskap som ein må verne, og ein må finne framtidsretta vegløysingar, som tek omsyn til både innbyggjarar, næring og bevaring av landskapet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**