Giske kommune er ein kommune som er attraktiv av mange grunnar. Her er unik og særprega natur og kulturlandskap, og nærleik og gode kommunikasjonar til Ålesund.
Giske kommune har den største flyplassen mellom Trondheim og Bergen med stadig aukande tilbod av flyruter, også til utlandet. Kommunen har godt utbygde hamner og har på nokon av øyane til dels store delar av arealet disponibel for framtidig utvikling.
Dette set Giske i ei særstilling framfor mange andre kommunar, og utviklinga framover vil truleg bli prega av tilflytting både for bustad og næringsverksemd. Det er difor viktig å tenke i langt perspektiv og å finne løysingar som står seg for heile planperioden og framtida.
Eit hovudfokus i all planlegging må vere å gjere Giske kommune til ein attraktiv kommune å etablere seg i og å vere i, for menneske og for næringsverksemd. Ikkje berre for nyetablerarar, men også for dei som allereie er etablert her, enten som innbyggjar eller som arbeidsskapar.
Giske kommune har unike kvalitetar knytt til natur, kultur og nærmiljø som ein må forvalte godt, også for komande generasjonar. Kommunen har eit slagord: " Historisk og framtidsretta", men manglar ein visjon. Førre kommuneplan (2003-2015) hadde vi ein visjon som sette menneske og nærmiljø i sentrum for planen. Venstre foreslår at planen denne gong bør ha ein visjon som set menneske, natur og miljø i sentrum:
"Giske kommune skal ha trygge og levande nærmiljø, der innbyggarane har tilgang på nødvendige og likeverdige tenester, og der kvar einskild så langt som mogeleg tek ansvar for seg sjølv og viser medansvar og omsorg for andre. Giske kommune har unike kvalitetar i natur miljø og kulturlandskap som ein må forvalte godt også for komande generasjonar."
I areal er Giske ein liten kommune med totalt 40 km2 (kvadratkilometer) landareal. Av dette er 1,7 km2 (4.3%) naturreservat, samt om lag 10.5 km2 (26.3%) dyrka jordbruksareal eller beite (jordbruksteljinga 2000) som ein ikkje bør/kan bruke til andre formål. I tillegg vil friområde, store fjellområde, strandsoner verna av 100-metersregelen og areal som i dag er utbygd med bustader, industri, flyplass i liten grad vere disponibel for framtidig utbygging. Difor må ein i det vidare arbeidet med planen sette opp ein oversikt over arealbruk på dei ulike øyane og anslå arealet som er tilgjengeleg for framtidig disponering og utvikling.
Giske kommune har ikkje uavgrensa mengde med areal til utbygging, og bør difor vere svært medviten i høve til planlegging for vidare utvikling og vekst. Kvalitetane som her er å bygge på, gjer at Giske kommune har potensiale til å bli den mest attraktive kommunen å busette seg i på Sunnmøre. Men då må ein i kommuneplanen sette hovudfokus på det som får folk til å velje Giske når dei skal busette seg eller etablere næring.
Giske kommune bør satse på å skape gode og attraktive bumiljø, å levere gode kommunale tenester, og legge til rette for eit variert kulturliv og fritidstilbod. Kommunen må legge til rette for framtidsretta verksemd knytt til fiskeri, landbruk, kunnskapsbasert tenesteyting, turisme og industri. Når det gjeld industri og transport må ein satse på etablering av verksemder som skaper mange arbeidsplassar med lite behov for areal. Arealkrevjande verksemder med få arbeidsplassar må Giske kommune seie nei til.
Med knappe areal att for utbygging, må ein prioritere å bruke dei til bustader framfor fritidsbustader. Kommunen må seie nei til utbygging av hyttefelt, og vere restriktiv til bygging av private hytter. Slike behov kan løysast gjennom konsentrert og avgrensa utbyggingar av rorbuer. Planen må utformast slik at den også set ein stoppar for omgåing av lovverket ved bygging av såkalla "spikartelt".
I delar av kommunen er innslaget av fritidsbustader urovekkande stort, og der må det lagast heimel som avgrensar at bustader kan gjerast om til fritidshus.
Giske kommune må stå fram med ein klar og tydeleg miljøprofil. Då må det utarbeidast ein strandsoneplan og ein plan for grøntareal og friområde for kvar av dei fire øyane. Det er viktig at kommunen legg til rette for bruk av attraktive turområde, ved å opparbeide og vedlikehalde tilkomstvegar og parkeringsplassar, og å sette opp skilt som syner tilkomsten.
Generelt må det leggast vekt på estetikk i all planlegging og ved utbygging. Her bør det offentlege vere eit godt føredøme, og planen "Gateway to Sunnmøre" må brukast aktivt som eit verkty i praktisk planlegging.
Med etablering av SUBSEA7 på Gjøsund er nye premissar lagt for framtidig planlegging og bruk av området sør for flyplassen, og tida er inne for nytenking i forhold til tidlegare kommuneplan. Rett planlagt kan ein få til gode løysingar med bustader, industri, jordbruk lagt til kvar sine hovudområde. Det må planleggast og leggast til rette for industri og næringsareal på Vigramyrane. Her må det settast av areal til ny tilkomstveg til flyplass, ny fylling og bru frå Valderøya til Vigra på stranda nord for busetnaden på Gjøsund, og vidare langs fylkesvegen og til flyplassterminal. Dette kan gi svært attraktivt næringsområde til kommunen, samt fjerne noko av trafikken gjennom bustad og jordbruksland på Gjøsund og i Røysa. I tillegg kan ein leggje til rette for ei utbygging av ny småbåthamn. Separat forslag på denne løysinga er innsendt av Svein Gjøsund. Dette vil bli kommunen sitt utstillingsvindauge, og truleg kan dette området også trekkje til seg spanande ikkje-arealkrevjande verksemder i kjølvatnet av SUBSEA7 etableringa og satsinga ved Ålesund Lufthavn Vigra.
I kommuneplanen bør ein ha med seg eit globalt og etisk perspektiv der det er naturleg.
Giske kommune må ha som mål å bli kjent hos innbyggarane og næringslivet, hos leverandørar, tilsette og andre lokale myndigheiter som ei kommune som støtter og fremjar etisk handel (Fairtrade). Giske kommune skal arbeide for å oppnå status som Fairtrade-kommune innanfor dei rammene som er gitt av Stiftelsen Fairtrade Max Havelaar Norge.
Dei 4 øyane i Giske kommune har ulike serpreg og behov som kommuneplanen må ta omsyn til.