I ordførar- og rådmannsmøte for Østre Agder 31. oktober (alle kommunane frå Arendal og austover) sa alle ordføarrar at også dei vil skrive under.
I brosjyra er det tekst og foto mellom anna frå den store aksjonen med markering av farlege utkjørslar da samferdslekomiteen var på besøk her 12. mars i år. Brosjyra med følgebrev blir nå levert til mange sentrale politikarar i storting og regjering.
Målet er å få in ein tekst om planlegging av E18 i den komande nasjonale transportplanen, slik at det kan lagast kommunedelplan med trasé innan utgangen av 2011. Om vi lykkast kan anleggsarbeidet starte i 2014, – om alle instansar gjer arbeidet sitt godt.
Vil du ha brosjyra? Skriv til [email protected], og du får brosjyra tilsendt med e-post.