Interpellasjonen:
OMSORGSBUSTADAR PÅ UDLABUTOMTA
Voss kommunestyre vedtok i møte 21.12.06., sak 109/06; Budsjett 2007 følgjande:
“KST ber administrasjonen greia ut om det er muleg å byggja omsorgsbustader/ omsorgstun på Vetleflaten i regi av Voss kommune, Stiftinga sosialbygget, bustadbyggelag eller andre aktørar. Inntaket til bustadane skal vera styrd av Voss kommune og eventuelt innskot i bustadane skal vera indeksregulert. Formålet med bustadane er å gi eit tilbod til personar som treng heimebaserte tenester. Kommunen vil gjennom eit slikt prosjekt kunna gi tenester til fleire heimebuande enn dei skulle bu spreidd rundt i bygda.”.(Vedtatt med 26 mot 13 røyster)
No er Udlabua riven, og kommunen har overtatt tomta. Og som alle kjenner til, ligg tomta tett ved Vetleflaten omsorgssenter, noko som gir høve til enkel og god organisering av heimetenestene til omsorgsbustader her.
Vidare har vi gjennom orientering i kommunestyret, og budsjettkommentarar, fått vita at kommunen si satsing på eldreomsorga første åra, bør skje gjennom utbygging av heimetenester.
Spørsmålet blir dermed:
Kor langt er ein komen med utgreiinga “om det er muleg å byggja omsorgsbustader/ omsorgstun på Vetleflaten”?
Rolf Abrahamsen, Voss Venstre