Venstre vil ha dei folkevalde på skulebenken!

Venstre ønskjer at ein i alle kommunane i Møre og Romsdal i 2009 tek initiativ til ein fagdag for dei folkevalde om kvaliteten og innhaldet i skulen. Som skuleeigar har kommunane eit stort ansvar. Her følger resten av skoleresolusjonen fra representantskapsmøtet 25.oktober i Molde

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Målsettinga for ein fagdag er å få ein systematisk gjennomgang av tilhøva i skulen i kommunen. Til fagdagen bør ein ta opp tema som t.d. dei nasjonale prøvene, ressursbruk, spesialpedagogiske tilbod og tiltak retta mot lærerane. Ein bør la både skuleleiinga, rektorane, lærerane, fagforeininger, foreldre og elevane komme til orde. Dessutan bør ein dra inn krefter utanfrå som kan sette skulen i den einskilte kommune i perspektiv.
I lys av Opinion sin undersøking for Utdanningsforbundet, der det kjem fram at 34% av rektorane har opplevd det vanskelig å snakke offentlig om problemer ved sin skule, bør det settes eit særleg fokus på dialogen mellom skulen/rektorane og administrasjonen, politikarar og offentligheita. Fagdagen må difor resultere i ein tilstandsrapport for skulen i den einskilde kommune der ein også peiker på utviklingsmål.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**