Venstre sier nei til amputerte sjukehus!

Venstre aksepterer ikkje reduksjon i sjukehusplanane verken i Molde eller i Ålesund. Møre og Romsdal skal ha framtidsretta sjukehus – ikkje amputerte sjukehus. Her følger hele sjukehus resolusjonen fra Representantskapsmøte 25. oktober.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Representantskapsmøte i Venstre er sterkt uroa av kuttplanane for det nye sjukehuset i Molde. Kutt av 8000m2 vil føre til eit amputert sjukehus som vil gi dårligere arbeidsforhold og dårligere tilbod til pasientane.
Representantskapsmøte er generelt uroa over den økonomiske situasjonen i Helse Midt-Norge og åtvarer mot å også kaste augene på barneavdelinga i Ålesund for å spare pengar. Det blir tydeligvis leita med lys og lykte for å finne plassar å kutte for å berge økonomien. Men Møre og Romsdal Venstre aksepterer ikkje at det er folket i Møre og Romsdal som skal lide for overskridingar andre stader – og minner om at sjukehusplanane i Molde allereie er redusert i høve til dei opprinnelige planane.
Venstre åtvarar styra for helseforetaka i Møre og Romsdal mot å gi etter og gå inn for kutt og meiner at ein slik aksept vil ta frå styra den siste rest av sjølvstende. Venstre meiner at kutt i utbyggingsplanane no viser kor uheldig helsereformen har vore. Overføringa av ansvaret til direktorat vil gi staten endå større rom for sentralisering og reduksjon i distrikta.
Venstre vil ha lokalt folkestyrte sjukehus!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**