Interpellasjonen
UTFORMING AV DEN NYE COOP-BUTIKKEN PÅ SKULESTADMO
I "Hordaland" for 23.okt. blir det presentert ei skisse av den nye COOP-butikken på Skulestadmo, og som visstnok representerer ein godkjend byggesøknad. Inntrykket er at vi no skal få endå eit bygg med same lite tiltalande utsjånad som Kiwibutikken på Palmafossen, men berre endå større, endå meir negativt dominerande.
Korleis er dette bygget vurdert m.a. i høve til vedtatte "Estetiske retningsliner for bygge- og anleggstiltak"? Her heiter det m.a.: Ved byggesaker skal vurdering av estetikk ved tiltaket vera ein del av søknaden. Estetiske vurderingar av tiltak skal gjerast i høve til seg sjøl, næraste omgjevnad og fjernverknaden.
Eg minner om dei mange negative reaksjonane på utforminga av KIWI-butikken på Palmafossen. På spørsmål i FPL 24.01. og 07.02.08 om dette bygget, fekk vi ei relativt lite presis tilbakemelding. Men hovudinntrykket var at vanlege prosedyrar og retningsliner skulle ha vore følgde. I samband med kommunestyrebehandlinga 28.08. (sak 62/08) av reguleringsplanendring for Skulestadområdet uttrykte underteikna som saksordførar til slutt ei forventning "som nok er ei forventing kommunestyret er einige i " – om at det nye Coopbygget måtte få ei langt betre utforming enn KIWI-butikken. Det var mange i salen som nikka til dette!
Bakgrunnen er elles sjølvsagt at bygg i Voss kommune bør sjå nokolunde bra ut i samsvar med dei estetiske retningslinene for bygge- og anleggsverksemd. Bygga er ein sentral del av bygda Voss sin identitet, og såleis svært viktig for det inntrykk innbyggjarar og tilreisande får av kulturbygda Voss!
Det synest naturleg å spørja seg om ikkje einskilde byggesaker, spesielt større og
slike som er synlege for mange, bør gå til politisk behandling. Dette jamvel om delegeringsreglement gir høve til administrativ behandling åleine. Kanskje bør vi sjå nærmare på retningslinene?
Spørsmåla blir dermed:
1. Er det i byggesaka gjort vurderingar av det nye COOP-bygget i høve til dei nemnde retningslinene? Korleis er i så fall denne vurderinga vektlagt i høve til andre sider ved byggesaka?
2. Vil ordføraren ta initiativ til ein administrativ gjennomgang av praksis på dette feltet, og koma med tilbakemelding til kommunestyret om resultatet?
3. Vil ordføraren ta initiativ til ei nærmare vurdering av i kva grad einskildbyggesaker bør gå til politisk behandling?
Torstein Gunnarson, Venstre