– La oss styre i stort, og sleppe laus i smått. Rådhusenheten er stor. Men kanskje gir det rom for betre effektivisering og meir kostnadseffektiv bruk av skattepengane våre enn om vi skal be rådmannen lage vanntette og pengetette skott mellom medarbeidarane våre, sa Venstres Jan Kløvstad i bystyredebatten om tertialrapporten for 2. tertial 2008 i kveld.
Tertialrapporten viser at dei tilsette i Arendal kommune gjer eit imponerande godt arbeid. Dei teller pengar samtidig som dei skal auke kvaliteten i dagens tenester og planlegge framtidig utvikling.
Venstre ser at rådmannen foreslår å stille ei rekke investeringsprosjekt i bero. Det skal vi lytte til. Venstre vil gjerne at rådmannen gjennomfører dei sparetiltaka som følger saka her, bortsett frå eitt. Vi må sørge for at vi til eikvar tid har næringsareal for folk som vil skape nye arbeidsplassar i kommunen. Så eg håpar rådmannen vil spare litt mindre på posten for grunnerverv enn han legg opp til.
Driftsresultatet blir negativt i år. Lønningane har auka, renta har auka, pensjonsutgiftene aukar. Finansutgiftene aukar. Det er ikkje lett å arbeide i kommunane under slike vilkår. La oss derfor ha tillit til at dei mange godt kvalifiserte hardtarbeidande medarbeidarane i kommjunen vår er i stand til å løyse desse oppgåvene kanskje bortimot like godt som vi bystyremedlemer kan klare her frå talarstolen.
Les heile tertitalrapporten på www.arendal.kommune, under politiske saker/bystyret.