Venstre støttar konklusjonane i sakspapiret, og vil i tillegg gi noen idear til det vidare arbeidet:
1. Bruk belønningsordningane Stortinget har vedtatt, ordningar som kanskje kan gi rom for forsøk med gratisbuss, slik vi ser vellykka forsøk på i Tórshavn, Mariehamn og Akureyri.
2. Vi kan lære av Bergen, der kommunen og private aktørar samarbeider godt om aksjonen oljefri (sjå www.oljefri.no) for utskifting av oljekjeler både i kommunale og private bygg.
3. Vi kan lære av Stockholm, som gir drosjer på miljøvennleg drivstoff ein eigen kø, for å stimulere drosjene til meir miljøvennleg drivstoff.
3. Vi bør varsle alt nå at billeverandørene bør førebu seg godt for å konkurrere om å skaffe Arendal landets mest miljøvennlege bilpark i neste anbodsrunde i 2010.
Om sakspapiret, sjå her.
Venstre gjekk mot eit tilleggsforlsag om å redusere kommunens klimagassutslepp med 90% innan 2017, fordi vi ikkje er heilt trygge på realismen i dette forslaget. Om det er mogleg, vil vi gjerne støtte forslaget seinare.