Prøvenominasjon i Hordaland Venstrekvinnelag

Hordaland Venstrekvinnelag valgte Kari Østervold Toft som sin 2.kandidat (etter Lars Sponheim) på prøvenominasjonen 13.oktober 08.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Kari Østervold Toft brenn særleg for følgande saker:
"Eg er oppteken av natur og miljø og at me menneskje forvaltar naturen slik at det er ressursar å leve av også for generasjonane som kjem etter oss. Dei svakaste i samfunnet vårt treng at vi andre bryr oss og eg vil arbeida for at dei også for eit verdig liv. Og så er eg sikker på at vi i Noreg skal leve av kunnskap i framtida. Difor er det viktig at vi satsar på ein god offentleg skule."

Kari Østervold Toft har brei organisatorisk erfaring frå Venstre:
Styremedlem i Hordaland Venstre frå 2000, politisk nestleiar frå 2002, leiar frå 2004 – 2006. Direktevald til landsstyret frå 2004, medlem av sentralstyret frå 2006. ho har også engasjert seg for å få kvinner synlege i Venstre, som mangeårig styremedlem i Hordaland Venstrekvinnelag.
Av politisk erfaring har ho representert Venstre sidan 1983, mellom anna varaordførar i Sund frå 1991 til 1995. På fylkesplan har ho møtt fast i komité for kultur og helse i fylket frå 1997 til 1999. Ho var fylket sin representant i styret for Nordsjøfartmuseet frå 1999 til og med 2007 – og derfrå styremedlem i Museum Vest gjennom konsolideringsprosessen til og med 2007.

Ein del av erfaringsgrunnlaget er også mange tillitsverv i idretten; Bl.anna formann i FK Hald 1980 – 1982, styremedlem i Hordaland Idrettskrets 1983 – 1991 (arbeidsutvalet 1985 – 1991), fast møtande vara og leiar i kvinneutvalet i Noregs Idrettsforbund 1990 – 1994.

Kari Østervold Toft er 53 år og bur på Steinsland i Sund. Ho er mor til to vaksne jenter, Elizabeth og Gjertrud

Til dagleg arbeider ho som kommunikasjonsdirektør på Havforskingsinstituttet i Bergen.

Ei fullstendig oversikt over Hordaland Venstrekvinnelag sin prøvenominasjon 13.10.08 finn ein under:

1. Lars Sponheim, Ulvik.
2. Kari Østervold Toft, Sund
3. Gunn Vivian Eide, Bergen
4. Lars Henrik Paarup Michelsen, Bergen
5. Runar B. Mæland, Stord/UV kandidat
6. Synnøve Handeland, Kvinnherad
7. Torstein Hatlevik, Tysnes
8. Kari Bente Helland, Fusa
9. Gyrid Skre, Bergen
10. Maragaret Hjartåker, Bergen
11. Thorhild Holgersen, Askøy
12. Sissel Juliussen, Askøy
13. Kari Frønsdal, Bergen
14. Åsta Årøen, Bergen
15. Sølvi Merete Mangerøy, Radøy
16. Liv Fausa, Bergen
17. Ingebjørg Winjum, Granvin
18. Mona H. Hellesnes, Ulvik
19. Berit Jacobsen, Bergen
20. Anne Beth Njærheim, Bømlo

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**