Nominasjon til Stortingsval – nokre presiseringar

Vi har motteke ein del spørsmål om nominasjonsmøter i høve stortingsvalet, så her kjem nokre presiseringar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Dato for Venstres 19 nominasjonsmøter finn du her

Samansetninga av nominasjonsmøtet er basert på to tilhøve; 1) antall betalande medlemmer i lokallaga og 2) antall røyster ved førre stortingsval i den einskilde kommune

Sjekk vedtektene for utrekningsdetaljar.

I fylkeslag som avheld nominasjonsmøtet i 2008 tek ein utgangspunkt i betalande medlemmer pr. 1. november 2008. I fylkeslag som avheld nominasjonsmøtet i 2009 tek ein utgangspunkt i betalande medlemmer pr. 31. desember 2008.

Sideorganisasjonane har inga sjølvstendig representasjon til Venstres nominasjonsmøter (unnatak for Oslo Venstre). Medlemmer av Unge Venstre, Venstrekvinnelaget eller Liberale studenter som ønskjer å delta som utsending på nominasjonsmøtet må vere medlem av Venstre, over 15 år og vere vald som utsending av eit lokallag i Venstre.

Lokallaga skal i høve til vedtektene velje sine utsendingar til nominasjonsmøtet på eit medlemsmøte som blir kalla inn med to vekers varsel. Fylkeslaga har eit klart ansvar for å informere lokallaga om korleis utsendingar til nominasjonsmøtet blir vald.

Spørsmål om nominasjon kan rettast til VHO v/Lars-Henrik Paarup Michelsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**