Nei til P-avgift i Orkanger sentrum

Avisa Sør-Trøndelag omtalar 10. oktober arbeidet med energi- og klimaplan i Orkdal. Eit framkasta forslag om parkeringsavgift i Orkanger sentrum får forholdsvis stor merksemd, og har skapt reaksjonar. I eit innlegg i avisa ST i dag støtter Orkdal Venstre kritikken mot forslaget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Her er innlegget i Sør-Trøndelag:

I avisa ST 21. oktober tek Jan Kvarsnes svært forståeleg til motmæle mot at Orkdal kommunes miljøutval visstnok skal vurdere parkeringsavgift i Orkanger sentrum. Ideen om parkeringsavgift vart kasta fram på eit oppstartseminar/idédugnad for energi- og klimaplanarbeidet for Meldal og Orkdal i juni. Der deltok både politikarar, representantar frå administrasjonen i kommunane og næringspersonar. Ideane vart ikkje diskutert eller realitetsbehandla, heller ikkje denne som iallfall ikkje kom frå nokre av politikarane i Orkdal. Når avisa ST prisverdig sett fokus på energi- og klimaplanarbeidet, er det unødig å trekke fram detaljar som ikkje er diskutert.

Orkdal Venstre lova i valkampen i fjor at vi vil arbeide for å styrke Orkdal og Orkanger som regionsenter, og parkeringsavgift i Orkdalsveien vil vere eit brot på denne lovnaden. Samstundes vil vi minne orkdalingar om at svært mange av våre korte bilturar kan bytast mot gåing og sykling — av omsyn både til felles miljø og eigen helse.

Lavrans Skuterud
Orkdal Venstres representant i Miljøutvalet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**