Interpellasjon om bompengar

Bjarne Lilleås hadde interpellasjon i kommunestyret om bompengeinnkrevjinga i Folgefonntunnelen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Bjarne Lilleås stilte spørsmål om automatisk bompengeinnkrevjing i Folgefonntunnelen burde vurderast på nytt. Han kom med følgjande framlegg til løysingar for automatisk innkrevjing:

Ein held fram med å ha bom slik som i dag, men den opnar seg ved følgjande alternative stimuli:

1. Dersom bilen har AutoPass – brikke
2. Ved å bruke automat som tek imot betalings – /kredittkort, sedlar og myntar
3. Ved å sende SMS med bilnummeret til eit bestemt telefonnummmer

Bakgrunnen for interpellasjonen er at det er etter måten lite trafikk gjennom Folgefonntunnelen og følgjeleg tek manuell bompengeinnkrevjing store deler av inntektene. Samstundes ser vi ei kontinuerlig utvikling av innkrevjingsløysingar som kan vere aktuelle i sambandet. Rimelege innkrevjingsøysingar vil også gje kortare nedbetalingstid, med alle dei føremoner dette fører med seg.

Ordførar lova å ta spørsmålet med til styret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**