– Heltid/deltid en suksess, Venstre krev rapportar tre gongar i året

– Heltid/deltidprosjektet i Arendal kommune er eit imponerande prosjekt, med gode resultat, sa Venstres Jan Kløvstad i omsorgskomiteen i dag. Mange har fått auka stillingane sine, og prosjektet er godt likestillingsarbeid, god arbeidsgjevarpolitikk og viktig i arbeidet for å betre levekåra i Arendal. Nå er det tid for å avslutte prosjektarbeidet og få dei

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


viktige haldningane inn i det daglege arbeidet i kommunen.

Helsepersonell

Foto: Microsoft

Derfor foreslo Venstre eit tilleggsforslag til rådmannens gode forslag om å avrunde prosjektet og arbeide vidare i det daglege. Venstres forslag er at bystyret får rapport om utvikling i heiltid/deltidsutstillingar i alle tertiatlrapportar, på same måte som vi nå får rapportar om økonomisk utvikling og sjukefråvær/nærvær.

Slik vil alle folkevalte til eikvar tid kunne halde seg oppdaterte, og leiarar, mellomleiarar og tilsette vil heile tida ha målsettinga om større stillingar sentralt i arbeidet sitt.

Heile omsorgskomiteen støtta Venstres forslag, eit forslag som nå går vidare til bystyrets møte 30. oktober.

Les heile saka her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**