Forsøk med røysterett for 16 åringar

Kvinnherad kommunestyre vedtok i dag å søkja om å vere med i forsøksordning kring røysterett for 16 – åringar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Varaordførar Synnøve Handeland helste ein slik søknad frå kommunen velkommen, og heldt fram at ein slik søknad om å delta i forsøk med røysterett for 16 – åringar ved kommunevalet 2011 kan hende vil gje sterkare engasjement blant dei heilt unge.

Vidare vart det halde fram at dersom Kvinnherad kommune får høve til å delta i dette forsøket vil ein få verdifulle erfaringar når det gjeld å få fram synspunkt i dei yngre aldersgruppene i kommunen. På sikt vonar ein at dette vil styrka lokaldemokratiet ved at ein legg til rette for politisk deltaking for ein større del av innbyggarane.

Saka kjem attende til kommunestyret dersom ein får innvilga forsøket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**