Urimeleg angrep på ordføraren

I eit laurdagskåseri i Agderposten kjem spaltisten Morten Markhus med utfall mot ordførar Torill Rolstad Larsen. Eg synest Markhus er urimeleg, skriv Venstres gruppeleiar Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Torill Rolstad Larsen

Foto: Jan Kløvstad

Dei eksempla Markus kjem med om som kritikk av ordføraren sine prioriteringar er ikkje særleg gjennomtenkte:

1. Ordføraren og Statistisk sentralbyrå
Dagens Næringsliv har presentert tal frå Statistisk Sentralbyrå på ein måte som den aktuelle forskaren i SSB har skrive i fleire aviser at han ikkje kan stå inne for. Truleg var Morten Markhus bortreist da fagmannen i Statistisk sentralbyrå skreiv oppklaringsartikkelen sin i mange aviser landet rundt? For det er jo noe underleg at dei kommunane som i følgje Dagens Næringsliv er gjevast å bu i, faktisk stort sett er dei kommunane som flest vil flytte frå? Kanskje hadde ordføraren eit poeng da ho peika på det?

2. Å lære saman med andre
Å vere på kurs saman med andre Sørlandsordførarar i Hellas er ein klok arbeidsmåte for kontaktskaping og for å bli enda dyktigare som ordførar. At det er billegare å møtest ei veke i Hellas enn to-tre dagar i eigen landsdel kan nok ikkje ordføraren lastast for.

3. Delegering
Varaordføraren var tilstades da rådmannen la fram dei første kutt-tala sine, og både ordførar og varaordførar og dei aller fleste i bystyret er tilstades når det endelege budsjettforslaget kjem om to vekers tid. I mellomtida har ordførar Torill Rolstad Larsen både åpna barnehage på Løddesøl, drive framtidsretta arbeid på ein miljøkonferanse i Oslo og deltatt aktivt i ei rekke interne møte om budsjett og andre saker.

4. Nice – eller Monaco
Ordføraren var i Monaco (ikkje Nice som Markhus skriv) på ein stor internasjonal konferanse. Det fortener ho ros for, og det var flott at Agderposten markerte dette med stor reportasje.

Og så koker det heile ned til at Morten Markhus skriv at ordføraren ikkje bør bevege seg utanfor Arendal. Jaja, så småleg kan ein altså vere.

Aasmund Olavsson Vinje sa noe om dette i diktet til Den heimanfarande sonen:

Den mann som alltid heime låg
og ikkje livsens lagnad såg,
han aldri såg det beste, han,
men vart ein mann
som dømde ilt om folk og land.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**